lørdag 14. juli 2012

Sol og varme

Sidan sommaren er så grå, trist, våt og kald her i Volda har eg kjika litt i iphoto.....drøyme meg tilbake til då vi var i varmare strøk!!! Ein kan leve lenge på minna av slike herlige turar :) :)

Her er frå ferien vår i fjor sommar, då var vi i Tyrkia. Ein fantastisk flott plass, og kjem nok garantert til å reise dit igjen :)






Her har Leah lånt kameraet mitt å tatt bilde av seg sjølv....herlig!!!! <3 



Vi var også på ein aldri så liten ferietur i vinter også :) Vi hadde 14 dagar med strålande sol og deilige temperaturar i flotte Thailand :) :)







Sjekka yr.no, men ikkje håp om sol og varme dei neste 8 dagane iallefall....men kanskje vi får litt sommar i August :) :)

torsdag 12. juli 2012

Hakallegarden

Og plutselig hadde det gått altfor lang tid sidan sist eg posta eit blogg-innlegg....Men det er slik det lett blir i ein hektisk kvardag :) Men no passa det heilt ypperlig å skrive eit lite innlegg, då mannen ser ein actionfilm som eg ikkje fekk med meg byrjinga på og då gidd ikkje eg å følge med :) Då blir det bloggsurfing og eit lite blogginnlegg :)


 I dag hadde eg bestilt sol og gode sommarlege temperaturar sidan ungane og eg tenkte å ta turen til Hakallegarden, meeen ikkje alltid ein får det ein ønskar seg :) Så det var å pakke på seg godt med kle. Regn, 10 grader og skodde langt ned i fjella var ikkje akkurat det beste været, men med regnkle og støvlar gjekk det heilt fint :) Ungane kosa seg i allefall. Martin litt meir skeptisk enn Leah sidan han egentlig er litt redd for dyr. Men vi hadde nokre kjekke timar der :) :) Og vi var så heldige at Besta ville være med oss også, så vi har virkelig kosa oss :)


Sjølv om været var dårlig var det mange som hadde tatt turen hit i dag, og det forstår eg godt. Her var ein super plass for dei små. Med dyr som gjekk fritt rundt på gardsplassen, vi kunne klappe og kose med dei så mykje vi ville. Og inne hadde dei laga til med både kafè og ein kjekk butikk med mykje flott frå både rice og blafre. Sjekk nettbutikken her