lørdag 19. mai 2012

Rema1000-cup

I dag har vi vore på Rema1000cup på Volda stadion. Martin har spelt 3 kampar, og vunne alle saman. Gjett om det var ein storfornøgd gut som la seg i kveld?? :) Hærlig dag med sol (den iiiiskalde vinden som alltid er på stadion var nok desverre der i dag også), men når vi ser på langtidsvarselet for neste veke så ser det endelig ut som om det kan gå mot sommar for oss her på det kalde sunnmøre også.  JIPPI!!!! :) 




Fantasien er det iallefall ikkje noko å seie på, her har han laga seg ei monstermaske :) Og hadde det veldig kjekt med å skreme småtausene i nabolaget:)


Ingen kommentarer: