søndag 20. mai 2012

Fiskelykke :)

For ein fantastisk dag :) Sol gjer noko heilt spesielt med kropp og sinn!! Og no har værgudane (iallefall værdamene) lova oss sol og varme heile neste veke!!!:) :) :)


Vi kjørte oss inn til Bjørke for å prøve fiskelykka i dag. Og sidan både mormor, mossa(morfar), tante, onkel Arild, Joakim og Benedicte også var med, vart dette ein superkjekk tur for både store og små:)
Så mykje fisk var der ikkje, men både Martin og Leah fekk napp. Stoor stas!! :)



Jentene studerar fisken og etter å ha klappa den ei stund konkluderar dei med at den var veldig søt. Kan ikkje seie meg enig i akkurat det. 





Godt å vite at der er muligheit for å nytte seg av telefon, sidan netcom manglar dekning her. Om den virka er eg ikkje så sikker på:)



På turen inn til Volda igjen stoppa vi på Aursatd camping for å helse på nåkre venar som har campingvogn der. Og der var jo berre heilt fantastisk flott. Så herlig det må vere å kunne stikke av frå kvardagens mas og berre slappe av i nydelige omgivelsar. 


Ha ein flott kveld godtfolk :)


Ingen kommentarer: