mandag 21. mai 2012

For ein flott dag!!! Endelig litt varme i lufta og sol frå skyfri himmel. FANTASTISK!!!!

Eg var så heldig å få lov å hente Benedicte i barnehagen i dag og ta ho med heim. Gjett om småtuttene har kosa seg? Vi grilla pølse til middag og kosa oss med frukt til dessert:) NAMNAM!!

 Benedicte har fått møtt alle nabotausene her og dei har leika seg fint saman i heile ettermiddag. Og sidan veret var så flott vart kveldsmaten servert utendørs! Dette veret kan vi virkelig venne oss til!!!



søndag 20. mai 2012

Fiskelykke :)

For ein fantastisk dag :) Sol gjer noko heilt spesielt med kropp og sinn!! Og no har værgudane (iallefall værdamene) lova oss sol og varme heile neste veke!!!:) :) :)


Vi kjørte oss inn til Bjørke for å prøve fiskelykka i dag. Og sidan både mormor, mossa(morfar), tante, onkel Arild, Joakim og Benedicte også var med, vart dette ein superkjekk tur for både store og små:)
Så mykje fisk var der ikkje, men både Martin og Leah fekk napp. Stoor stas!! :)



Jentene studerar fisken og etter å ha klappa den ei stund konkluderar dei med at den var veldig søt. Kan ikkje seie meg enig i akkurat det. 





Godt å vite at der er muligheit for å nytte seg av telefon, sidan netcom manglar dekning her. Om den virka er eg ikkje så sikker på:)



På turen inn til Volda igjen stoppa vi på Aursatd camping for å helse på nåkre venar som har campingvogn der. Og der var jo berre heilt fantastisk flott. Så herlig det må vere å kunne stikke av frå kvardagens mas og berre slappe av i nydelige omgivelsar. 


Ha ein flott kveld godtfolk :)


Ein god start på dagen!!

Ein god start på dagen! :)

 banan
 jordbær
skogsbærblanding
juice


lørdag 19. mai 2012

Rema1000-cup

I dag har vi vore på Rema1000cup på Volda stadion. Martin har spelt 3 kampar, og vunne alle saman. Gjett om det var ein storfornøgd gut som la seg i kveld?? :) Hærlig dag med sol (den iiiiskalde vinden som alltid er på stadion var nok desverre der i dag også), men når vi ser på langtidsvarselet for neste veke så ser det endelig ut som om det kan gå mot sommar for oss her på det kalde sunnmøre også.  JIPPI!!!! :) 




Fantasien er det iallefall ikkje noko å seie på, her har han laga seg ei monstermaske :) Og hadde det veldig kjekt med å skreme småtausene i nabolaget:)


Stjernedilla

Eg har fått meg nytt teppe/dørmatte i gangen :) Eg har sidan vi flytta inn her for 6 år sidan våre på leit etter ei dørmatte som eg kan like. Og endelig fann eg den eg har vore på leit etter :) Den er selfølgelig ikkje så veldig praktisk, men kva har vel det å seie så lenge den ser bra ut? ;) Eg må finne meg ei litt meir praktisk som kan ligge uttafor døra. Dette flotte pappelina teppet fann eg inne på sida til royaldesign. Og det er heilt supert at det berre er å tørke av det med ein klut når det blir noko skitt på det, og om eg vil ha det litt lysare kan eg berre snu det og fargane er motsatt som på bilda her :)




fredag 18. mai 2012

Gamle skattar!!

Eg har arva ei gammal kiste som har levd eit laaangt liv, og det viser godt. Den ser nesten bra ut på bilda her, i fohold til korleis den virkelig er. 



Eg har pussa den ned og fått fjerna all gamal seig maling. Det gjekk med stoooore mengder pussepapir, men trur det kjem til å bli bra med eit strøk maling eller to :) Så får eg sjå kvar eg kan plassere den her i heimen når den blir ferdig :)




Flott 17. Mai feiring!:)

Kort oppsummert så har 17. mai våre heilt super.
Barnetog-middag og kaker med mamma- leikar for born- folketog- film heime på kinorommet.

Her kjem nåkre bilder av den flotte dagen:)

Prøvde meg på ei Pavlova-kake for første gong. 
NAMNAM!!!! Den kjem eg iallefall til å lage fleire gongar!!





Kom på at eg ikkje hadde tatt bilder av golla mine i lag, så då var det å prøve å få til eit der begge smilte.





Martin var svært nøgd med årets russekortsamling



Vi avslutta dagen på kinorommet der vi såg Tintin alle saman :)

fredag 11. mai 2012

DVD-hyller

Eg har vore på leit etter passande DVD-hyller leeeenge, dei fleste eg har funne er meir tilpassa cd og dei er spinkle og ikkje slik eg har sett føre meg at eg vil ha. Etter litt mas på min kjære så laga han meg nåkre heilt enkle hyller som vi kan fylle med mange timar god underholdning. Dei har fått plass i gangen nede i kjellaren på veggen inn mot kinorommet, ein vegg som ikkje kunne brukast til så mykje anna og alle filmane er samla nær kinorommet :) Dette vart akkurat slik eg hadde sett føre meg :)





onsdag 9. mai 2012

Kinorommet har fått seg nye flotte stjernetepper :) 
Klart ein må ha gode tepper når ein skal krype godt opp i sofaen å sjå ein hærlig jentefilm ;)





torsdag 3. mai 2012

Velkommen

Velkommen inn i gangen vår <3

Fekk pakke i posten frå kremmerhuset i dag :) Blandt anna dette flotte oliventredet som har fått plass i gangen.
(Ser no at det må rettast litt opp, står visst heilt på skeiva)


Denne flotte stjereputa kjøpte eg på ein koselig interiørbutikk på Moa i Ålesund. 


Har fryktelig lyst å måle trappa kvit i løpet av sommaren, men spørst om min bedre halvdel er like glad for det....vi får sjå :)




Ha ein flott dag! :)