mandag 16. april 2012

Ei flott helg :)

Denne helga har vore veldig hektisk med selskap for barna både her og der :) Martin vart 8 år då vi var i Thailand så han har gleda seg veldig til å få feire bursdagen sin saman med kompisane sine. Så laurdag var her fullt hus med 8-åringar, huset sto når selskapet var over og Martin kunne juble over eit kjempekjekt selskap. Og eg pusta letta ut over at det gjekk så fint, dei er ein kjekk gjeng:)


Når selskapet var slutt fekk vi koselig besøk av denne nydelige guten :) Vi skulle være så heldige å få ha han på overnattingsbesøk. Han oppførte seg eksemplarisk og det var utrulig koselig å få låne han <3


Vi våkna til nysnøv på markane, men det gjorde ingenting når sola viste seg frå si beste side. Vi kosa oss på trilletur i solskin, og det var utrulig godt å kjenne sola varma!! No får vi håpe det blir vår her i Volda også :) 






Dette har vore ei super helg der eg har kose meg ilag med mine kjære<3 

Ingen kommentarer: