mandag 16. april 2012

Ei flott helg :)

Denne helga har vore veldig hektisk med selskap for barna både her og der :) Martin vart 8 år då vi var i Thailand så han har gleda seg veldig til å få feire bursdagen sin saman med kompisane sine. Så laurdag var her fullt hus med 8-åringar, huset sto når selskapet var over og Martin kunne juble over eit kjempekjekt selskap. Og eg pusta letta ut over at det gjekk så fint, dei er ein kjekk gjeng:)


Når selskapet var slutt fekk vi koselig besøk av denne nydelige guten :) Vi skulle være så heldige å få ha han på overnattingsbesøk. Han oppførte seg eksemplarisk og det var utrulig koselig å få låne han <3


Vi våkna til nysnøv på markane, men det gjorde ingenting når sola viste seg frå si beste side. Vi kosa oss på trilletur i solskin, og det var utrulig godt å kjenne sola varma!! No får vi håpe det blir vår her i Volda også :) 






Dette har vore ei super helg der eg har kose meg ilag med mine kjære<3 

onsdag 11. april 2012

Namnam

Namnam...bringebær, jordbær og vaniljekesam!! Kjempegodt mellommåltid eller som kveldskos istaden for ein sjokolade! No starta eg eit nytt og betre liv(....igjen!!!) Så får vi sjå korleis det går :) 


tirsdag 10. april 2012

Kosedag:)

I dag har eg vore så heldig å få lov å passe denne søte go`klumpen her!! Han er berre så utrulig god!!! Så i dag har eg kosa meg med trilletur og babykos! Litt rart å plutselig ha ansvar for en som er så liten, når mine 2 har blitt så store og sjølvstendige. Men vi har storkosa oss og eg gledar meg veldig til laurdag når eg skal få ha han på overnattingsbesøk:)



mandag 9. april 2012

Kino i kjellaren

Kinorom i kjellaren er gøy for små og store:) Her er det små spioner i 3D som blir testa.


Ikkje lett for ei husmor å skulle finne rette kontroll i havet av desse kontrollane, får håpe eg lærer etterkvart.



torsdag 5. april 2012

Påskeferie :)

Påskeferie er igrunnen ganske deilig!!!
I ettermiddag har vi kosa oss med kortspeling, måla på egg og vi har vore ute å aka på akebrett.






Små prinsesser



 Leah har hatt kjempekoselig overnattingsbesøk av syskenbarnet sitt, Benedicte i natt. Og gjett om dei har kosa seg :) Det vart ein store dose med kviskring og knising før dei endelig sovna seint i går kveld :)

I dag har dei våre på "kino" i kjellaren og sett den nye Barbiefilmen. Dei har pynta seg som nydelige små prinsesser. Og no har vi akkurat kosa oss med kake og vaffle :)  Deilig med påskeferie <3







onsdag 4. april 2012

Tida flyg!!!



Då var det plutseleg eit halvt år sidan sist det kom eit blogginnlegg her. Tida flyg i ein hektisk kvardag....Skulle ønske døgnet hadde litt fleire timar, eller lista mi over gjeremål kunne vere litt kortare. Har virkelig fått oppleve tidsklemma då eg fekk eit vikariat i Bergen og måtte pendle kvar veke. Men no er eg heldigvis ferdig der og har akkurat feira med 2 veker med full avslapping i Thailand i lag med mine kjære <3