søndag 9. oktober 2011

Ei flott helg

Dette har vore ei herlig helg, laurdag var det strålande sol frå skyfri himmel. Så då var det å nyte mest mulig av dagen ute :) Ungane storkoste seg, og det gjorde eg også!! :) Hadde vi berre hatt fleire slike dagar....





Søndag var det igjen regn og trist ute, men vi har kosa oss inne og laga brownies (ja det er ein pose frå toro :) ) Vi har spelt Yatzy og stigespelet, leika med lego, sett film(ar) og kosa oss ilag :) 





Vi kledde godt på oss og gjekk oss ein fin lang tur ute i regnet. Er friskt og igrunnen ganske så godt å vere ute i regnet. Berre ein har gode og tette klede på seg. Litt kalde vart vi, men vi fyrte godt i ovnen når vi kom inn att.  




1 kommentar:

Fra Skien sa...

Koselig blogg. God jul!