søndag 9. oktober 2011

Ei flott helg

Dette har vore ei herlig helg, laurdag var det strålande sol frå skyfri himmel. Så då var det å nyte mest mulig av dagen ute :) Ungane storkoste seg, og det gjorde eg også!! :) Hadde vi berre hatt fleire slike dagar....





Søndag var det igjen regn og trist ute, men vi har kosa oss inne og laga brownies (ja det er ein pose frå toro :) ) Vi har spelt Yatzy og stigespelet, leika med lego, sett film(ar) og kosa oss ilag :) 





Vi kledde godt på oss og gjekk oss ein fin lang tur ute i regnet. Er friskt og igrunnen ganske så godt å vere ute i regnet. Berre ein har gode og tette klede på seg. Litt kalde vart vi, men vi fyrte godt i ovnen når vi kom inn att.  




lørdag 8. oktober 2011

Dagens prosjekt

Dette nydelige skapet/nattbord eller kva det no er for noko har eg hatt ståande i garasja i over 1 år. No var det på tide å få det i hus. Har planar om å male det i ein dus rosafarge eller kvit....ikkje heilt bestemt meg endå. Først må det vaskast grundig :)
 Den skal få plass på romet til Leah, trur den vil passe perfekt saman med den gamle senga som ho har. Her er eit innlegg om Leah sitt prinsesserom





Ha ein riktig god laurdag :)

torsdag 6. oktober 2011

:)

Eg har fått ny mur i stova :) 
Og eg er kjempefornøgd med resultatet, sjå berre kor fint det vart :) 



Slik var det før, såg fryktelig trist ut...kan ikkje forstå at eg ikkje har fått opp denne muren før...hehe, men no er den iallefall på plass og eg er storfornøgd :) 





onsdag 5. oktober 2011

God morgen!!!

God morgen!! Dette har vore ein fantastisk morgen, våkna av at Leah nussa meg på kinnet å spurte meg om det var morgen no. Klokka var over hall 8 så det var på heilt greit å starte dagen :)

Vi fekk sendt avgarde ein ganske så utolmodig storebror som gler seg slik til SFO. Og nyter at vi har god tid, til ei forandring. 





Ønske alle som er innom bloggen ein flott onsdag, den blir ikkje bedre enn du gjer det til sjølv :)

tirsdag 4. oktober 2011

Innekos :)

Kva gjer ein når det stormar rundt hushjørnet og himmelen har opna alle sluser? Då er det innekos som gjeld....No er verkelig hausten komen. Å skal eg vere ærlig så er dette ei kjempekoselig tid, eg elska å kunne sitte inne med fyr i ovnen, ei stove full av sterinlys og god musikk på anlegget. Kvalitetstid!!!!

I kveld er ein slik kveld!!!



Ein kopp med deilig Mocha frå mi nye kaffemaskin :)


På koppen min står der "Hev hodet - og senk skuldrene!" 


Og på bordet ligg det nye interiørblad (og ei skål med sjokolade) som eg skal kose meg med!!! :) 


Ha ein flott kveld :)