lørdag 3. september 2011

Prinsesserom

Eg har tidlegare tatt dokke med inn til Martin sitt Liverpool-rom, no tenkte eg at dokke skulle få sjå eit lite prinsesserom :) Torsdag var eg ein liten svipptur til Bergen å på IKEA og fekk handla litt div. Så då fekk eg endelig fleire oppbevaringsbokser til leiker. Så på fredag når eg hadde fri, fekk eg sortert og rydda skikkelig i leikene på prinsesseromet. Fekk pakka vekk litt leiker som lisjefrøkna mi har vokse frå, og kasta øydelagde og ubrukelige leiker. 



Her er det kaos med ei god blanding av Barbie, dokkekle, jålesaker og anna "rot"




Leah har fått ei kjærstebrev som eg synes var så søtt at eg har rama det inn :)


Her har mange søte prinsesser pynta seg :)


Leah har arva ei gammal seng som eg har mala kvit, ei ekte prinsesseseng som Leah sei :)


Søte små vennar som varmar seg under eit babyteppe :)


Kjolen som Leah hadde på seg då Jan Erik og eg gifta oss, har fått plass på veggen på prinsesserommet


Er fortsatt litt småting som gjenstår, men det begynde å ligne på eit lite prinsesserom iallefall :) Leah er i allefall storfornøgd, sjølv om ho aller helst vil ha rosa rom med lilla tak :)


Ingen kommentarer: