torsdag 1. september 2011

Dubrovnik


Eg skreiv tidlegare at eg hadde våre så heldig å få reise til Dubrovnik med jobben. Det var virkelig ein opplevelse sjølv om starten var litt kjip. Eg skulle reise heilt åleine med mellomlanding i Oslo så vidare til Zurich der hadde eg 40 min til flyet som skulle ta meg til Dubrovnik skulle lette. Så gjett om eg var stressa då???? HEILT ÅLEINE ute i den vide verden, hehe...Men det gjekk bra, eg fann gaten min og kom meg ombord i flyet, som viste seg å vere eit pittelite propellfly som sto croatia airlines på. Som om det skulle hjelpe meg med å slappe av...hehe... berre for å gjere det ekstra spennade var det kraftig turbulens og dama som eg satt saman med hadde skikkelig flyskrekk!!! Eg var ganske glad då eg kunne gå ut av flyet i live :)


Så bar det inn i ankomsthallen for å så å bli ståande der heilt til siste koffert på bandet hadde kome å eg måtte sjå langt etter min flotte rosa koffert. Så her sto eg, heilt åleine (var faktisk ingen andre inne i ankomshallen) på flyplassen i Dubrovnik og visste ikkje heilt kva eg skulle gjere. Etter mykje om og men fekk eg meldt den savna og beskjed om at dei ikkje ha peiling på kor i den vide verden kofferten min var!! Så eg måtte berre reise inn til hotellet, utan baggasje... Det gjekk heile 2 dagar før kofferten min kom fram til hotellet. Men eg var så heldig at eg fekk låne litt kle med nåkre andre jenter/damer så det var ikkje krise :)

Hotellet var eit heilt fantastisk spa hotell, med det meste du kan ønske deg! Så her hadde vi det heilt topp!!!




Nydelig utsikt frå hotellrommet


Vi var inn i gammlebyen ein kveld for å ete middag, og her var så utrulig flott!!! Det er så hærlig å kunne sitte ute i seine nattetimar utan å fryse. Berre kose seg med mykje god prat og ei glas kald kvitvin!! Skulle ønske vi kunne ha sånne kveldar her heime i Norge.



Eg var så heldig å fekk litt tid ilag med dei søte jentene som gjekk i talentklassa mi :)





Alt i alt var dette ein HEILT FANTASTISK tur, men langt i frå nokon avslappingstur. Vart ein del jobbing, men ej STORKOSA mej!!!!! He fått lært ein heil del, fått møtt mange nye flotte statoilfolk, og ikkje minst påfyll med mykje motivasjon og inspirasjon!!!

Ingen kommentarer: