søndag 25. september 2011

Vaskeromet mitt

Velkomen inn til vaskeromet mitt, ikkje der flottast romet i huset. Men det kjem seg litt etter litt :)













For nokre veker sidan var eg ein liten tur på IKEA, der kjøpte eg meg eit skittentøyskap som passa heilt perfekt mellom vaskemaskina og vasken eg har på vaskeromet. 











Her har eg ein draum om å få meg eit garderobeskap så eg kan skjule alle sko og jakker. 
Det håper eg virkelig blir ved neste IKEA-tur :)





lørdag 3. september 2011

Lavkarbo Bountysjokolade


Eg må berre dele denne oppskrifta på deilig Bountysjokolade
Kokosmelk (Eg har brukt den frå santa maria(lilla boks) sett den i kjølskapet slik at mest mulig stivnar
3-4 ss kaldpressa kokosolje (helsekost)
3-4 ss sukrin
150-200 gram kokosmasse 
200g sjokolade (Freia premium 70%)



Smelt kokosmelk (Bruk berre det som er stivt) og kokosolje i ei panne. Bland inn sukrin og kokosmasse. 


Legg plast i ei form og fordel massen utover, sett kaldt i ca 2 timar. Smelt så sjokoladen over vannbad og ha 2 ts kokosolje og litt sukrin saman med sjokoladen. Så er det berre å dele opp kokosblandinga i passande bitar og dyppe i sjokoladeblandinga. Legg dei på matpapir i kjølskap til sjokoladen stivna:)


Så er det berre å nyte desse FANTASTISK gode Bountybitane :) Dei er mykje betre enn dei du får kjøpt på butikken. Og det beste, det er lavkarbosnop :)


Prinsesserom

Eg har tidlegare tatt dokke med inn til Martin sitt Liverpool-rom, no tenkte eg at dokke skulle få sjå eit lite prinsesserom :) Torsdag var eg ein liten svipptur til Bergen å på IKEA og fekk handla litt div. Så då fekk eg endelig fleire oppbevaringsbokser til leiker. Så på fredag når eg hadde fri, fekk eg sortert og rydda skikkelig i leikene på prinsesseromet. Fekk pakka vekk litt leiker som lisjefrøkna mi har vokse frå, og kasta øydelagde og ubrukelige leiker. 



Her er det kaos med ei god blanding av Barbie, dokkekle, jålesaker og anna "rot"




Leah har fått ei kjærstebrev som eg synes var så søtt at eg har rama det inn :)


Her har mange søte prinsesser pynta seg :)


Leah har arva ei gammal seng som eg har mala kvit, ei ekte prinsesseseng som Leah sei :)


Søte små vennar som varmar seg under eit babyteppe :)


Kjolen som Leah hadde på seg då Jan Erik og eg gifta oss, har fått plass på veggen på prinsesserommet


Er fortsatt litt småting som gjenstår, men det begynde å ligne på eit lite prinsesserom iallefall :) Leah er i allefall storfornøgd, sjølv om ho aller helst vil ha rosa rom med lilla tak :)


torsdag 1. september 2011

Dubrovnik


Eg skreiv tidlegare at eg hadde våre så heldig å få reise til Dubrovnik med jobben. Det var virkelig ein opplevelse sjølv om starten var litt kjip. Eg skulle reise heilt åleine med mellomlanding i Oslo så vidare til Zurich der hadde eg 40 min til flyet som skulle ta meg til Dubrovnik skulle lette. Så gjett om eg var stressa då???? HEILT ÅLEINE ute i den vide verden, hehe...Men det gjekk bra, eg fann gaten min og kom meg ombord i flyet, som viste seg å vere eit pittelite propellfly som sto croatia airlines på. Som om det skulle hjelpe meg med å slappe av...hehe... berre for å gjere det ekstra spennade var det kraftig turbulens og dama som eg satt saman med hadde skikkelig flyskrekk!!! Eg var ganske glad då eg kunne gå ut av flyet i live :)


Så bar det inn i ankomsthallen for å så å bli ståande der heilt til siste koffert på bandet hadde kome å eg måtte sjå langt etter min flotte rosa koffert. Så her sto eg, heilt åleine (var faktisk ingen andre inne i ankomshallen) på flyplassen i Dubrovnik og visste ikkje heilt kva eg skulle gjere. Etter mykje om og men fekk eg meldt den savna og beskjed om at dei ikkje ha peiling på kor i den vide verden kofferten min var!! Så eg måtte berre reise inn til hotellet, utan baggasje... Det gjekk heile 2 dagar før kofferten min kom fram til hotellet. Men eg var så heldig at eg fekk låne litt kle med nåkre andre jenter/damer så det var ikkje krise :)

Hotellet var eit heilt fantastisk spa hotell, med det meste du kan ønske deg! Så her hadde vi det heilt topp!!!




Nydelig utsikt frå hotellrommet


Vi var inn i gammlebyen ein kveld for å ete middag, og her var så utrulig flott!!! Det er så hærlig å kunne sitte ute i seine nattetimar utan å fryse. Berre kose seg med mykje god prat og ei glas kald kvitvin!! Skulle ønske vi kunne ha sånne kveldar her heime i Norge.



Eg var så heldig å fekk litt tid ilag med dei søte jentene som gjekk i talentklassa mi :)





Alt i alt var dette ein HEILT FANTASTISK tur, men langt i frå nokon avslappingstur. Vart ein del jobbing, men ej STORKOSA mej!!!!! He fått lært ein heil del, fått møtt mange nye flotte statoilfolk, og ikkje minst påfyll med mykje motivasjon og inspirasjon!!!