tirsdag 30. august 2011

Eg er tilbake :)


ojoj....no var det litt vel lenge sidan eg har posta eit innlegg her. Men for å seie det slik så har dei siste 6 mnd vore meget hektiske og travle men også utruleg lærerike. Så når arbeidsdagen har vore ferdig i 22-tida på kvelden så har ikkje det vore så mykje energi til å blogge. Ikkje har eg hatt tida til å lese så mange bloggar den siste tida heller. Men no er eg ferdig med vikariatet mitt og klar for å kome tilbake til statoil Volda. Så no håpar eg at eg skal få litt meir fritid igjen :)

Men eg har fått vore med på ei fantastisk "reise" og lært så utrulig mykje som salgssjef, så dette er nok ein jobb eg kunne tenke meg i framtida ein gong :) Var veldig spennande å få prøve dette!! Eg har blitt kjent med så utrulig mange flotte mennesker, vore mange gongar til oslo, til og med eit par utanlandsturar har det blitt. Konferanse i Warsawa og kongress i Dubrovnik. Og i Dubrovnik var eg faktisk på scena å snakka framfor nesten 900!!!!!!! Så eg har virelig fått oppleve mykje det siste halve året. No skal eg ha meg nokre daga fri før eg er tilbake for fullt på Statoil Volda, det skal bli godt!!!! :) :)

Eg har mange blogginnlegg "klare" så det skal ikkje bli like lenge til neste blogginnlegg :) :)