søndag 5. desember 2010

Gøy med skøyter :)

No når det har vore så kaldt lenge har det blitt supert på Rotevatnet for dei som likar å gå på skøyte :) Martin og eg var ned ein kveld, med kvar si haudelykt og det var berre heilt fantastisk vakkert der. Stjerneklart, stilt og mørkt. Det var godt å ha litt åleinetid med storeguten min. Han fekk raskt tekken på skøytene og ville ikkje heim. Trur vi var der i nesten 2 timar. Litt kaldt på slutten når gradestokken viste minus 13 grader!!! Men utrulig kjekt!


Når vi kom heim dekka vi på bordet å koste oss med deilig kveldsmat.









Ingen kommentarer: