søndag 12. desember 2010

Bursdag

I dag har vi feira Jan Erik som blir 29 år i morgon. Leah elskar å ha selskap, og har leika bursdags-selskap på rommet sitt i heile dag. Ho kom plutselig på at pappa måtte no ha bursdagskrune. Så vi rigga oss til på kjøkkenet for å lage krune, Martin var flink å skreiv navn på og Leah pynta så fint med blomster og stjerner :) Trur pappaen var litt stolt når han fekk den :)










Martin har laga så fin jule/adventspynt på skulen :) Flinke store guten min har sydd så fint å laga desse flotte hjerta :) Finaste pynten eg har, er så kjekt å kunne få heim pynt dei har laga sjølve.



fredag 10. desember 2010

Fantejenta mi :)

I kveld fann eg ei lita fantejente under kjøkkenbordet :)
Trur ikkje ho hadde i tankane at eg skulle finne ho, for ho vart litt forskrekka når eg såg kva ho styrte med:) Trudde sikkert eg skulle bli sint...



Men når ho såg at eg smilte og lo av henne kom eit herlig stort smil frå lisjesnuppa mi, og ho inviterte meg inn i hytta si.....



Der hadde ho tatt med seg ei stor kakeboks full med julemanna, og gjett om ho kosa seg då :) Så i kveld har eg blitt med Leah på "kaffeselskap" under kjøkkenbordet :)





Må også dele nåkre bilde av lisje jåledama mi, ho fekk neglelakk i kalendergåve i dag og klarte ikkje å vente til eg var ferdig med å lage middag så eg fekk hjelpe til. Ho skulle klare dette sjølv, å va djupt konsentrert medan ho pynta seg med lilla neglelakk :)



Og her eit bilde av skuleguten min som endelig har mista ei tann :)




torsdag 9. desember 2010

Julekalender


Då eg var lita hadde eg ein flott julekalender, eg huskar spenninga om morgonen når eg skulle få opne. Skal tru kva mamma mi hadde pakka inn til meg? :) Dette er ein tradisjon som eg har tatt med meg vidare til mine 2 gode goll. Pappaen min har vore så snill at han har brodert Martin og Leah kvar sin flotte julekalender. Tenk kor kjekt for dei å ha en kalender som morfaren har brodert :) Tusen takk til snilde pappaen min :)
Kvar dag fram til jul får dei opne ein pakke etter dei kjem heim frå skule og barnehage og dei er like spent kvar dag. Syns eg kan føle spenninga dei har i kroppen, skulle ønske eg var lita jente igjen :)



tirsdag 7. desember 2010

Pepperkakebaking :)


I går ettermiddag fekk vi koselig besøk av gode naboar som ville hjelpe oss å lage pepperkake :)
Ungane storkosa seg, og etter pepperkakebaking var det tid for litt leik. Vi fekk besøk av både fine damer, prinsesser og sjørøvera. Det er så kjekt å sjå at dei leikar seg så fint ilag.
Herlig å ha huset fullt av barnelatter :)
Håper det ikkje blir så lenge til neste gong vi møtast, kanskje vi kan ha ein juleverkstad?!







mandag 6. desember 2010

Vennskap

Våg å være ærlig

våg å være fri
våg å føle det du gjør
si det du vil si.
Kanskje de som holder munn
er reddere enn deg?
Der hvor alt er gått i lås
må noen åpne vei.

Våg å være sårbar
ingen er av stein.
Våg å vise hvor du står,
stå på egne bein.
Sterk er den som ser seg om
og velger veien selv.
Kanskje de som gjør deg vondt
er svakest likevel?

Våg å være nykter
Våg å leve nå.
Syng, om det er det du vil -
gråt litt om du må.
Tiden er for kort til flukt,
bruk den mens du kan.
Noen trenger alt du er
og at du er sann!



Det kom en mann til Socrates og sa:"Jeg må fortelle deg noe om en av dine venner.
"Socrates Svarte:"Jeg antar at du først har latt det gå gjennom de 3 sikter.
"Mannen kjente ikke til de 3 sikter så Socrates sa:
"Det første er sannhetens sikt. Er du sikker på at det du vil fortelle meg er sant?"
"Nei, sikker er jeg ikke", sa mannen,"For jeg har hørt det av andre".
"Ja, men så har du vel siktet gjennom godhetens sikt?",spurte Socrates.
Mannen ristet på hodet.
"Nå, men det tredje siktet da! Har du spurt deg selv om det du vil fortelle meg er til noe nytte?"
Da mannen skamfull bøyde hodet, sluttet Socrates:
"Ja, men når det du vil fortelle om min venn verken er sant, godt eller nyttig,
så behold det for deg selv."

søndag 5. desember 2010

julekort

Tenkte eg skulle ha meg ein kveld å lage nåkre julekort, og selfølgelig må eg ha bilde av mine 2 små skattar. Stian Brautaset var så supersnild at han stilte opp på kort varsel og fekk tatt desse nydelige bilda :) Tusen takk!!!!!
No gjenstår det berre å få printa ut å bilda å lage nåkre fine heimelaga julekort :)









julekaker

I går laga vi julemanna, eller rettare sagt eg laga dei. Leah var veldig klar for å kjevle å trykke ut hjerte. trur ho holdt ut i 5 min. Då va ho ferdig, så der sto eg.......med dobbel porsjon med julemanndeig....





....og resultatet vart over 350 julemanner/damer. Og 4 fulle kakebokser, så no bør det holde til jul :)


No skal eg til å lage berlinerkranser, som er min favoritt av julekaker.

Ha en super søndag!!!


Gøy med skøyter :)

No når det har vore så kaldt lenge har det blitt supert på Rotevatnet for dei som likar å gå på skøyte :) Martin og eg var ned ein kveld, med kvar si haudelykt og det var berre heilt fantastisk vakkert der. Stjerneklart, stilt og mørkt. Det var godt å ha litt åleinetid med storeguten min. Han fekk raskt tekken på skøytene og ville ikkje heim. Trur vi var der i nesten 2 timar. Litt kaldt på slutten når gradestokken viste minus 13 grader!!! Men utrulig kjekt!


Når vi kom heim dekka vi på bordet å koste oss med deilig kveldsmat.