torsdag 25. november 2010

Gleda meg til JUL!!!!!


Veit ikkje heilt kva det er med meg i år, men eg gledar meg så utrulig til jul. Kan ikkje huske at eg har gleda meg såååå mykje før. Eg lovde meg sjølv i sommar at i år skulle eg bli ferdig med alle julegåvene til 1. desember og jaggu ser det ut til at eg klarer det også :) Var en liten tur til Ålesund i går og fekk handla inn mange flotte julegåver:) Har vel berre 3-4 gåver igjen å kjøpe og det skal eg gjer i løpet av helga. Så når desember kjem skal eg kose meg å bake i lag med ungane. Vi skal kose oss i heile desember, vil at ungane (og eg) skal få ei rolig, avslappa og koselig førjulstid. Her er nåkre bilder frå jula 2009, det er så koselig med lys frå juletredet, adventstakar og ikkje minst alle stearinlysa :) :) Gleda meg!!!!





1 kommentar:

Linda sa...

kor kjekt å sjå at de ikkje berre e ej som gler mej til jul!! den tida i året vi no har framfor oss er den koselegast i lag med ungane :) Leah har jammen våkse siste året!! sjønne jenta :-) ha ei riktig god førjulstid i lag med dine!!