søndag 21. november 2010

Eit lite livsteikn:)


No er det kanskje på tide med eit lit livsteikn frå meg. Har ikkje akkurat vore så aktiv på bloggfronten dei siste mnd, eller kanskje eg kan seie det siste året. Tida går så altfor fort, no er vi snart komen til Desember igjen... Kvar har det blitt av alle dagane dette året??? Eitt av mine mål for 2011 skal vere å ta meir vare på kvadagane og nyte dei. Dette året har eg berre eksistert, har ikkje tatt meg tida til å nyte livet. Det er jo kvardagane som er livet, tida i lage med vennar, familie og mine 2 nydelige smågoll. Som eg no ser, at dei faktisk ikkje er små lenger. Martin er snart 7 år og Leah lisje prinsessa mi er blitt 3 år å klarer ALT sjølv. Ein må berre nyte kvar dag å ta godt vare på minna :)




Ingen kommentarer: