søndag 28. november 2010

Ei fantastisk helg :)


Dinne helga har vore heilt fantastisk bra :) Fredag hadde eg invitert nokre venninde på besøk for å prøve å være litt sosial :) Vi kosa oss med lasagne, snop, brus og film. Det var utrulig koselig :) Laurdag kosa ungane og eg oss med å rydde og vaske, ekstra gøy var det når eg drog fram sofaen og dei fann att leiker som sikkert har vore der leeeenge :) Vi var også ein tur ned til mamma å laga julemanna, det er tradisjon at vi er der å bakar første helga i advent :) KJEMPEKOSELIG!!! Men det har minka drastisk i kakeboksa eg hadde med heim, trur eg må lage ein stor porsjon til :)


Laurdagskvelden kosa eg meg i ei nyvaska stove, tende mange stearinlys og film. Romantisk komedie, eg måtte både le og gråte litt :) Selgølgelig huska eg ikkje kva filmen heiter, men det er ein ny film som
Jennifer Lopez spelar ei av hovedrollene i.

I dag har eg vaska på loftet, godt å få vaska skikkelig av og til ikkje berre den vanlige fredagsvasken. Så denne helga her har alle teppa, puter og dynene fått lufta seg godt i den kalde vinterlufta. Skuffer, leikekasser og alle hyller blitt tømt og vaska skikkelig!!!:) Har også fått henta opp adventspynten, gleda meg berre endå meir til jul no :)





Så no kan ei ny veke berre kome, eg har fått lada batteria mine og gleda meg kjempemykje til jobb i morgon, sjølv om eg blir der i 12-14 timar.... Men no skal det bli godt å legge seg i nyvaska sengkle å kjenne den gode lukta av grønsåpe :)

Ha ei super veke!!!



Ingen kommentarer: