mandag 24. mai 2010

skodilla?


Eg har aldri hatt noko form for skodilla, men etter dei siste 2 åra kan eg vel ikkje seie noko anna enn at eg har skodilla, jakkedilla og veskedilla. Alltid ein grunn til å kjøpe seg ei ny veske, nye støvelettar eller ei jakke :) trur eg har kjøpt meg eit nytt par sko på kvar skulesamling eg har våre på i oslo, og nokre nye jakker har det også blitt :) Men kjekt å kunne bruke litt pengar på seg sjølv også, ikkje berre til ungane.

Eg rydda garderobeskapet i gangen i helga, dette er det som var der av sko som er mine( eg har sko liggandes både på vaskerommet og kjellaren som ikkje er tatt med her) Så eg kan vel ikkje nekte på at eg har skodilla

Ingen kommentarer: