søndag 16. mai 2010

Kanskje på tide med eit nytt blogginnlegg no?:)

No var det på høg tid å oppdater litt inn på bloggen min. Den har virkelig våre nedprioritert det siste halvåret. Men no skal det bli litt oftare livsteikn frå meg :) No er eg endelig ferdig med skule, det har våre to lærerike, spennande, utfordrande og ikkje minst travle år. Eg har blitt kjend med ein fantastik gjeng innanfor statoil og eg håpar vi klarer å fortsatt halde kontakt med kvarandre, sjølv om vi ikkje skal møtast på skule. Det er litt trist at eg er ferdig, samtidig som det skal bli godt å få bedre tid saman med famile og vennar. Egentlig skulle eg ha hatt meg 2 veker i varmare strøk no kjenner eg. Kroppen lengar etter sommar, sol og varme. Berre fått slappa av og fått ladda opp batteria mine. Men desverre så blir det ikkje nokon sydentur på oss i sommar. Vi får heller leite fram minna vi har frå Dubaituren i januar/februar. Så får eg får heller ta meg nokre fridagar og reise inn til Geiranger, eg har eit gåvekort på overnatting og 6 tima behandling på spa-avdelinga på Hotel Union. Kjenner at det hadde gjort godt å berre kobla heilt ut å slappa av.

Dette vart berre eit kort livsteikn frå meg, men eg kjem snart tilbake med eit nytt innlegg :)

Ingen kommentarer: