mandag 24. mai 2010

skodilla?


Eg har aldri hatt noko form for skodilla, men etter dei siste 2 åra kan eg vel ikkje seie noko anna enn at eg har skodilla, jakkedilla og veskedilla. Alltid ein grunn til å kjøpe seg ei ny veske, nye støvelettar eller ei jakke :) trur eg har kjøpt meg eit nytt par sko på kvar skulesamling eg har våre på i oslo, og nokre nye jakker har det også blitt :) Men kjekt å kunne bruke litt pengar på seg sjølv også, ikkje berre til ungane.

Eg rydda garderobeskapet i gangen i helga, dette er det som var der av sko som er mine( eg har sko liggandes både på vaskerommet og kjellaren som ikkje er tatt med her) Så eg kan vel ikkje nekte på at eg har skodilla

fredag 21. mai 2010

Godt med alt som er gjort :)

I dag har eg hatt fri, så då var det berre å få gjort litt husarbeid. Det har liksom våre litt nedprioritert i disse eksamenstider. Så eg tenkte eg skulle få rydda og vaska loftet. Lettare sagt enn gjort, på Martin sitt rom såg ein rett og slett ikkje golvet. Så her var det berre å stålsette seg å hive innpå med redbull :) Og her er bilde beviset på at eg faktisk har gjort ein kjempejobb i dag. Til og med rydda og vaska ned i alle skuffer og kasser. Ein heil bossekk med rosk og rask vart fylt opp. Og ein heil haug med leiker vart pakka vekk. Det er så godt med alt som er gjort. Då slepp eg å tenke meir på det, i allefall ikkje på nokre dagar :)

Slik såg det ut....................

Litt leiker vart pakka vekk, rart kor spennande dei plutselig vart

Skal tru kor lenge det held seg slik..1 dag? 2 dagar? kanskje ei heile veke?




Snart skulegut....



Tenk at lisje guten min snart skal begynde på skule, i dag kjørte eg først Leah i barnehagen for so å kjøre STORE guten min Martin på SKULE!!! So kry for å sleppe barnehage i 2 dagar for å gå på førskule :)
Må sei det blir rart å skulle bli mamma til en skulegut, eg er blitt gammal:$
Nei gammal er eg ikkje, eg er ei ung mamma sjølv om eg snart har ein skulegut i hus...(prøve å overbevise meg sjølv at eg fortsatt er 20 år)!!!!
hehe....:) :)




torsdag 20. mai 2010

Hardt å vere prinsesse:)


Hardt å skulle fungere ein heil dag for ei lita prinsesse. Leah sneik seg ut når ho kom heim frå barnehagen i dag, og trur ikkje det tok mange minutta før ho var i draumeland. Eg fekk flytta ho inn på sofaen i stova so ho fekk kvilt seg litt, men det straffa seg no. For no ligg ho i senga si og syng og pratar med seg sjølv. Ho er berre så gode lisje jenta mi:)

"Blomstel små, gule blå.
kjika opp av jola nå.
vinkel til leah lill
foll ho æ så snill"

"Bæ, bæ lille lam
gikk på lestulang
ville ikke spise
bæle sitte fise"



onsdag 19. mai 2010

Deilig!!!

Det er så fantastisk deilig når sola er her å varmar!! Og så nydelig fint vi har det her i Volda på slike dagar! Dette bilde tok eg akkurat frå altanen vår, flott utsikt over Volda :)


Vi har vore ute å leika heile ettermiddagen og kva passar vel ikkje betre enn besøk av isbilen på ein slik flott dag :) Martin og Leah var vertfall storfornøgde!!!




No er dei nybada og søv søtt i sengane sine og eg skal rydde og vaske hus :)

mandag 17. mai 2010

HURRA!!!

Ha ei fin 17. mai feiring alle sammen!!! :)




søndag 16. mai 2010

Kanskje på tide med eit nytt blogginnlegg no?:)

No var det på høg tid å oppdater litt inn på bloggen min. Den har virkelig våre nedprioritert det siste halvåret. Men no skal det bli litt oftare livsteikn frå meg :) No er eg endelig ferdig med skule, det har våre to lærerike, spennande, utfordrande og ikkje minst travle år. Eg har blitt kjend med ein fantastik gjeng innanfor statoil og eg håpar vi klarer å fortsatt halde kontakt med kvarandre, sjølv om vi ikkje skal møtast på skule. Det er litt trist at eg er ferdig, samtidig som det skal bli godt å få bedre tid saman med famile og vennar. Egentlig skulle eg ha hatt meg 2 veker i varmare strøk no kjenner eg. Kroppen lengar etter sommar, sol og varme. Berre fått slappa av og fått ladda opp batteria mine. Men desverre så blir det ikkje nokon sydentur på oss i sommar. Vi får heller leite fram minna vi har frå Dubaituren i januar/februar. Så får eg får heller ta meg nokre fridagar og reise inn til Geiranger, eg har eit gåvekort på overnatting og 6 tima behandling på spa-avdelinga på Hotel Union. Kjenner at det hadde gjort godt å berre kobla heilt ut å slappa av.

Dette vart berre eit kort livsteikn frå meg, men eg kjem snart tilbake med eit nytt innlegg :)