fredag 25. desember 2009

God Jul :)




Då var julafta og 1.juledag over. Og eg har hatt 2 herlige dagar heime, i går var vi samla her med oss til julefeiring saman med familia til Jan Erik. Kjempekos var det, og her var 2 veldig spendte ungar som gledde seg veldig til me skulle åpne alle pakkane. Og det var ikkje reint lite pakkar som hadde tatt turen under juletredet :)






I dag har me berre kosa oss heime...Eg har fri nesten heile jula og det kjenner eg at gjer godt! Sjølv om eg har ein jobb som eg gler meg til kvar dag så gjer det godt med fri av og til. Eg har faktisk ikkje hatt ferie sidan eg tok over stasjoen 27. januar i år. Berre fridagar no og då. Så no ska eg nyte det å ha fri. Og jula er berre så utrulig koselig!!! No ligg eg på sofaen og kosar meg i ei koselig julepynta stove :) Mange stearinlys og juletred gir eit så koselig lys i stova, men vanskelig å gjengi det på bilder. Men slik ser det i allefall ut i stova her no :)



Ingen kommentarer: