fredag 25. desember 2009

God Jul :)




Då var julafta og 1.juledag over. Og eg har hatt 2 herlige dagar heime, i går var vi samla her med oss til julefeiring saman med familia til Jan Erik. Kjempekos var det, og her var 2 veldig spendte ungar som gledde seg veldig til me skulle åpne alle pakkane. Og det var ikkje reint lite pakkar som hadde tatt turen under juletredet :)






I dag har me berre kosa oss heime...Eg har fri nesten heile jula og det kjenner eg at gjer godt! Sjølv om eg har ein jobb som eg gler meg til kvar dag så gjer det godt med fri av og til. Eg har faktisk ikkje hatt ferie sidan eg tok over stasjoen 27. januar i år. Berre fridagar no og då. Så no ska eg nyte det å ha fri. Og jula er berre så utrulig koselig!!! No ligg eg på sofaen og kosar meg i ei koselig julepynta stove :) Mange stearinlys og juletred gir eit så koselig lys i stova, men vanskelig å gjengi det på bilder. Men slik ser det i allefall ut i stova her no :)



onsdag 23. desember 2009

:)




I går kveld når eg skulle legge meg gjekk eg den faste turen innom Martin for å gi han ein nattaklem å passe på at han dyne på seg, så gjekk turen inn til Leah for å gjere det same. Men der var ingen Leah opp i senga, eg kjende suget i magen for eg såg ikkje ho nokon plass. Når eg fekk sett litt bedre etter inn på romet så seg eg ei lita beierumpe som stakk opp innimyllå alle kosebamsane :) Hehe...søte lisje jenta mi hadde klatra ut av senga å sovna midt blandt alle kosebamsane :)



søndag 20. desember 2009

Snart jul :)




Då var det 4. lyset i adventstaken tent og julafta nærmar seg med stormskritt. Gledar meg til litt fri i jula, har vore mykje jobbing i det siste så det skal bli godt med nokre dagar fri der eg kan kose meg heime i lag med golla mine :) Kanskje eg får litt tid til å lese litt lekse også, men kjenner eg meg sjølv rett blir det vel mykje sofasliting :) Men det er slik det skal vere i jula, mykje god mat, mykje snop og kvalitetstid med familia si :)

lørdag 12. desember 2009

Godteslott :)

Pepparkakebaking og godteslott :)
Har som tradisjon å lage pepparkakehus frå grunnen av kvar jul med en litt anna vri en standard pepparkakehuset. I år vart det ei godteborg, til pynt har det godt med 1/2kg nonstop, stor pose seigemannar og ei stor skål med smågodt og i tillegg MYKJE melisglasur!!!





Martin laga seg ei pepparkakedame, med puppar....hehe :)

Her er alle delane til godteslottet :)




Og her er resultatet:






torsdag 3. desember 2009

Resultat av maleprosjekt :)

Då var senga komen på plass :) Og eg er kjempefornøgd med resultatet! Og selfølgelig er Leah fornøgd, " ej fått nyeseng no, ej stolejente no ej" :) No gjenstår det å få opp litt pynt på veggane og henge opp nokre knagga og litt anna småting før "sesselome" so ho Leah sei er ferdig. Leah er skikkelig glad i bamsar og kosetepper så heile senga er full av mjuke bamsar og tepper :)



onsdag 2. desember 2009

SPA


I går var eg inn i Loen på Hotel Alexandra på møte. Og når me først skulle ha møte der inne tok eg meg fri heile dagen og reiste tidlig inn slik at eg kunne nyte spa-avdelinga :) Og det var rett og slett fantastisk!! Eg var heilt åleine inne på spa-avdelinga i 2,5 time!!! Så det vart både badstu, isbad, boblebad og dusj i tropisk regn!!! Etter nokre timar på spa var det møte før vi avslutta kvelden med deilig julemiddag. Ein hærlig dag!!! No gleda eg meg skikkelig til julafta :)