søndag 8. november 2009

Sjokoladekake

I går var Leah så snild å ville hjelpe meg å lage kake til farsdag :) Ho har plutselig vorte ei slik store jente som klarer ALT sjølv. "klale sjølt, klale sjølt.." Så ho har laga sotoladekake til pappaen :)






Og for dei som har lyst å lage denne kjempegode sjokoladekaka så er dette oppskrifta:

150 g smør
1,5 dl vatn
3 ss kakao
3 dl sukker
3 dl kveitemjøl
0,5 ts natron
0,5 ts bakepulver
1 egg
1 dl rømme

Kok opp smør og vatn i ei kjele. Blandast med sukker og kakao, rør deretter inn resten av det tørre. Blandast godt før ein har i egg og rømme. Slå røra over i ei rund kakeform (26 cm) og steikast på 180 grader i ca 35-45 min.

Glasur:
50 g smelta smør
2 ss melk
2 ss kakao
200 g melis
1 ss vaniljesukker


1 kommentar:

Cecilie sa...

dinna kakå såg berre knallgod ut...

Ho e so sjønn ho Leah, lisje golle na tante, når me blir friske igjen so må dåkke ta dåkke en tur so ho og Benedicte fe leike sej litt i lag