fredag 6. november 2009

Helg :)


No skal det bli godt med HELG!!!!!! Har vore nokre fryktelig travle veke i det siste. Men no skal eg endelig få puste litt :) Men eg har fått tatt både HMS-kurs og eg er ferdig med eksamen :) DEILIG!!!!

Så får eg vente i spenning på eksamensresultatet.........eg synst eksamenen var skikkelig vanskelig, men klarte å skrive 14 sider om viktige utviklingstrekk for min statoilstasjon, der eg skulle framheve dei utviklingstrekka eg meinte var av spesiell høg strategisk viktig for stasjonen og så skulle eg oppsummere dette i ei strategisk analyse. Så skreiv eg litt om svinn, vareeksponering og butikken som medium, for så å foreslå forbedrings/utviklingsområde for stasjonen. Heilt til slutt ga eg ei lita oppsummering der eg framheva dei tiltaka eg synes er viktig for å oppretthalde lønnsomheita i kombinasjon med eit godt totalpunkt for kunden......

No skal eg berre nyte at det er helg. Eg skal ta livet heilt med ro, å berre kose meg med dei heime :) For dei har eg virkelig savna når eg har våre i Oslo...no skal eg ta igjen det tapte :)

Dette bildet har eg som bakgrunn på mobilen min, og eg må seie at eg har sett mykje på det når eg har vore i Oslo.... Smågolla mine :) Dei er berre så gode :)

1 kommentar:

Veronika sa...

Må kose deg masse att med gullungane dine no da!! :):)
Det fortjena du :)