søndag 29. november 2009

Prosjekt prinsesserom :)


Leah sitt rom he våre eit data/gjesterom før. Når me fekk ne Leah tok me vekk datamaskina, men gjestesenga fekk stå. Så eg syns ikkje det har sett ut som eit jente/barnerom. Men no skal eg lage der til so ho får eit koselig jenterom :) Første steg var å male denne senga, dette er ei gammal seng som sto i huset som mamma&pappa kjøpte tidlegare i år. Den har fått seg eit strøk med grunning og 2 strøk med fargen chi :) Blir kjempebra!!! Den ser igrunnen heilt forferdelig ut på bilda her, men den har virkelig potensiale i seg ;) hehe... Berre vent å sjå :)
Kjem snart eit nytt blogginnlegg med det endelige resultatet :)




søndag 22. november 2009

Thailand :)

For 1 år sidan var Jan Erik og eg i Thailand! 2 veker heilt for oss sjølve, var utrulig godt å kome seg litt vekk i frå kjas og mas i kvardagen. Men me savna dei 2 små vennane våra heime veeeeeldig. Kjenner det på kroppen no at ein slik tur hadde gjort godt no, mykje stress på jobb og med eksameslesing i tillegg hadde det vore godt med ei avkobling no. Men det får vente til neste år :) Her er eit lite tilbakeblikk på turen vår :)



















søndag 8. november 2009

Sjokoladekake

I går var Leah så snild å ville hjelpe meg å lage kake til farsdag :) Ho har plutselig vorte ei slik store jente som klarer ALT sjølv. "klale sjølt, klale sjølt.." Så ho har laga sotoladekake til pappaen :)






Og for dei som har lyst å lage denne kjempegode sjokoladekaka så er dette oppskrifta:

150 g smør
1,5 dl vatn
3 ss kakao
3 dl sukker
3 dl kveitemjøl
0,5 ts natron
0,5 ts bakepulver
1 egg
1 dl rømme

Kok opp smør og vatn i ei kjele. Blandast med sukker og kakao, rør deretter inn resten av det tørre. Blandast godt før ein har i egg og rømme. Slå røra over i ei rund kakeform (26 cm) og steikast på 180 grader i ca 35-45 min.

Glasur:
50 g smelta smør
2 ss melk
2 ss kakao
200 g melis
1 ss vaniljesukker


fredag 6. november 2009

Helg :)


No skal det bli godt med HELG!!!!!! Har vore nokre fryktelig travle veke i det siste. Men no skal eg endelig få puste litt :) Men eg har fått tatt både HMS-kurs og eg er ferdig med eksamen :) DEILIG!!!!

Så får eg vente i spenning på eksamensresultatet.........eg synst eksamenen var skikkelig vanskelig, men klarte å skrive 14 sider om viktige utviklingstrekk for min statoilstasjon, der eg skulle framheve dei utviklingstrekka eg meinte var av spesiell høg strategisk viktig for stasjonen og så skulle eg oppsummere dette i ei strategisk analyse. Så skreiv eg litt om svinn, vareeksponering og butikken som medium, for så å foreslå forbedrings/utviklingsområde for stasjonen. Heilt til slutt ga eg ei lita oppsummering der eg framheva dei tiltaka eg synes er viktig for å oppretthalde lønnsomheita i kombinasjon med eit godt totalpunkt for kunden......

No skal eg berre nyte at det er helg. Eg skal ta livet heilt med ro, å berre kose meg med dei heime :) For dei har eg virkelig savna når eg har våre i Oslo...no skal eg ta igjen det tapte :)

Dette bildet har eg som bakgrunn på mobilen min, og eg må seie at eg har sett mykje på det når eg har vore i Oslo.... Smågolla mine :) Dei er berre så gode :)