onsdag 28. oktober 2009

Travle dagar....

Då var eg koma til oslo for 2. gang denne veka. Har vel egentlig ikkje tid til all denne reisinga no rett før eksamen. Men, men... Får satse på at eg får lest litt kveldane.

Travle tider dette, men om 1 veke er eg ferdig med osloturane mine for i år. Og det skal bli godt:) berre kose meg heime ilag med dei eg er glad i:)

(første gong eg bloggar frå tlf.. Så spendt på om eg får det til:) )

fredag 23. oktober 2009

COLA!!! :)


Eg er heilt avhengig av cola, og då spesielt cola på boks :) Må ha det, berre må ha det :) Jan Erik er litt tvilande på at eg kan skilje ut colaboksa blandt alle colasmakane som finnst. Så vi har hatt blindtest på cola :) I testen hadde vi:


cola, boks
cola, glas
cola, plastflaske
cola light
cola zero
tab-x
pepsi
pepsi-max

Og resultatet, 2 av 8 rett. Plukka ut den eg syns var best og den som ikkje smakte godt.
Cola på boks var best og pepsi max var heilt klart den værste....den smakar såpe!!!


torsdag 22. oktober 2009

God start på dagen :)


I dag etter ungane var levert i barnehagen dro eg rett på trening :) Christel og eg var å trena litt styrke, og det gjer så godt :) Og vi er så heldige i volda at vi kan nyte ei så fin utsikt medan vi trenar :)


No skal eg sette meg ned å kose meg med butikkorganisering :) Sjølv om eg allerhelst vil rydde og vaske hus...men det får berre vente til eg er ferdig med eksamen.. No må eg prøve å konsentrere meg om eksamenslesing i 2 veker til.

onsdag 21. oktober 2009

Butikkorganisasjon




LESE, LESE, LESE, LESE..........
Dette består min kvardag seg i fram til 3 november....då skal eg ha eksamen i Butikkorganisering. Eg trudde dette faget skulle vere enkelt og greit, men der tok eg nok feil. Eg slite både med konsentrasjonen og motivasjonen. Men det er eit kjempespennande fag, og eg sug til meg det eg klarer. Men når eg ser på gamle eksamensoppgåver blir eg berre kjempestressa.. Men eg gler meg veldig til eg kjem heim 4 november og har JULEFERIE!!!! Eller eg har juleferie frå studiane, ikkje jobben :)




Ei stor skål med smågodt og ei iskald cola gjer lesinga litt betre :)

tirsdag 20. oktober 2009

TRENING!!!

Eg har vore på trening!!!!! Det er nok eit år sidan sist eg brukte medlemskapet mitt på tren i Volda. Har vore støttemedlem i ei alt for long periode. Men no skal eg prøve så godt eg kan å få stramma opp litt kroppen :) Det trengst virkelig. I dag tørka eg bokstavligtalt støv av trenings-skona mine, dei var faktisk støvete. Eg var på corebar noko eg aldri har prøvd meg på før, men det var kjempekjekt. Og eg er virkelig spendt på korleis kroppen min har det i morgon, for eg har brukt musklar eg ikkje visste eg hadde.

Bildet har eg lånt på corebar.no

Pakke i posten :)


I dag var eg så heldig at eg fekk pakke i posten :) For under ei veke sida var min kjære Jan Erik so snild å bestillte meg shampo og balsam på nettet. Og han kan ditte med å finne gode tilbud :) Eg fekk:

1 shampo (350ml)
1 balsam (350ml)
1 silk therapy (150 ml)
Alle tre produkta er frå biosilk :)
Og det heile kom på ein liten sjenert sum på 155,-

mandag 19. oktober 2009

Vinterdekk :)


No kan berre snøven kome for i dag har eg lagt om til vinterdekk på bilen :) Og eg klarte det heilt sjølv..Jan Erik dokumenterte det heile med flittig knipsing med kameraet. Hehe, syns eg har våre flinke...Men eg ser på bileta at eg må vaske bil i morgon. Og det trengst både på innsida og utsida, så det får vere målet mitt med morgondagen :) I tillegg til eksamenslesing, er så heldig at eg skal ha eksamen om 2 veker. Dvs at eg får laaaang juleferie :) Gjeld å sjå det positive med det, men når det er sagt så skulle eg gjerne ha hatt nokre veker til å lese på.