onsdag 19. august 2009

Verdens beste?


Trur eg må ha verdens beste mann :) I går kom han heim med eit gåvekort frå unik, så då er det berre for meg å bestille meg ein time :) Men klarer ikkje heilt å bestemme meg for om eg skal ha hudpleie behandling eller unne meg ein time med massasje. Men deilig skal det i allefall bli :)

Eg har i dei siste mnd blitt bitt av denne scrappedilla, og på markedet finst det så utrulig mykje spennande som selfølgelig eg har lyst på. Og min snilde mann har då kjøpt meg nokre tusjar på ebay som eg fekk i posten i dag :) Så no er eg klar for å fargelegge stempel :) Eg har fått alle fargane til promarker :)


Eg har også fått meg eit scrapperom, eller kanskje scrappekott passar betre :) Koselig er det iallefall, skal lage eit eige blogginnlegg om det ein annan dag :)

Ha ein fin kveld til dokke som måtte ta turen innom bloggen min :)

torsdag 13. august 2009

Camilla har endelig fått seg ei bud :)

No har eg endelig fått meg ei bud, ei store bud på heile 20 kvm :) Det skal bli så godt å endelig få ein plass og sette kassene med for små barnekle, leiker og andre ting eg ikkje har hjerte til og kaste. ( og det er ikkje reint lite heller, uff....)


Så er det berre resten av kjellare att, min kjære svigerfar og svigermor har vore så kjekke og lagt golv i kjellargangen i dag så i morgon skal eg male veggane :) Så då skulla eg berre ha hatt meg ein ikeatur for å få kjøpt meg hyller og garderobeskap :) Men det blir vel ei stund til no, eg har vel brukt opp mi kvote der for ei stund ( har nettopp kjøpt meg eit lass med kommodar og masse dill dall :)


fredag 7. august 2009

Madonna & U2

Onsdag for ei veke sidan tok Jan Erik og eg turen til Oslo for å oppleve Madonna :) Ein slik tur inneheld også den obligatoriske IKEA turen. Fekk kjøpt inn nokre kommodar til ungane og ellers litt smådill :)

Torsdag var det duka for konsert :) Og det var ein skikkelig våt opplevelse, det regna ( Då meinar eg det REGNA!!!!) og det var storm, men heldigvis var tempraturen bra :) Heile Valle Hovin var som eit basseng. Men ingenting å utsette på sjølve konserten :) Ein kjempekonsert med mykje god Madonna musikk :)






Fredag sette me oss på toget til Gøteborg for å oppleve U2 på Ullevi :) Det var ein opplevelse og for ei utrulig stemning det var der :) Var berre heilt fantastisk :) :)







Dette var ein kjempekjekke tur i lag med ein super gjeng :)

Ny bil :)

Vi har kjøpt oss ny bil :) Gjett om eg er fornøgd med gliset då?




onsdag 5. august 2009

Bryllaup


18 juli gifta mi gode venninde Christel seg med sin Ole Kristian. Tenkte eg måtte dele litt bilete frå denne kjekke dagen :)


Nydeligaste bruda :)

Dei nygifte :)



Mine to bestevenninder :) ( og til mitt forsvar så har eg ikkje sko på meg. Ja eg er lita, men ikkje såååå lita :) )


Sjå kor forelska då......


Ei hærlig lita familie :)