tirsdag 7. juli 2009

utdrikkingslag

Eg er så heldig å skal få vere forlovar til ei av mine beste, beste venninde Christel :) Så då høyrer det sjølvsagt med å planlegge og gjennomføre utdrikkingslag. Og fredag 19 juli skulle Christel jobbe med meg på statoil frå 10-16. Når klokka vart 14 sa eg til ho at no var det på tide at ho tok med seg sakene sine og vart med meg på ein liten biltur, ho lettare forvirra og med eit stort smil. Eg kjørte heim til ho, der ho fekk ei lita liste med kva ho skulle pakke med seg.
Så satte vi kursen for loen og hotell alexandra. Når vi kom inn der kjika ho seg rundt og "leita" etter kvar dei andre var. Eg berre sa at dette var ikkje noko tradisjonelt utdrikkingslag og at de var berre vi 2. Klokka 17 hadde eg bestillt behandling til begge 2 så då var det berre å få på seg badekåpene og ta heisa til spa-avdelinga :) Her fekk ho velge om ho ville ha ein time med full kroppsmassasje eller ein time med ansiktsbehandling. Etter behandlinga måtte vi teste ut resten av spa-avdelinga. Badstu, isbad, bobblebad, massasjebad og steamdusj var blandt utvalget vi hadde. Gjett om vi kosa oss :) Men ho kjika fortsatt rundt seg etter fleire folk, og spurte meg forsiktig om det ikkje var andre som ville vere med på ditte. Eg måtte då svare at nei det vart for dyrt for dei andre og håpa at ho ikkje var skuffa over att det var berre vi 2 som var der. Etter nokre timar på spa, måtte vi få i oss litt mat. Då var det stor buffet på hotellet med myyyykje god mat som sto for tur. Ho "leita" fortsatt etter folk, men var ikkje mange kjende ansikt der inne. Vi la oss tidlig den kvelden for vi måtte reise til volda i 8-9 tida sidan eg skulle reise til spania laurdags formiddag kl 12. (sa eg iallefall....)

Laurdag satte vi kursen for volda igjen, vi måtte opp om statoil for der sto bilen na Christel. Når vi svingte inn på plassen der sto alle jentene klare for å ta oss i mot å starte med å virkelig drikke ut ne Christel. Gjett om ho vart overaska då???

Turen gjekk til Leikong der vi skulle kjøre gokart....selfølgelig regna det noko vannvittig akkurat når vi skulle kjøre. Men det satte ikkje nokon dempar på oss. Dette var berre kanongøy. Så det blir nok fleire turar hit :)



Vi vart berre litt våte.....



Ein liten båttur passa bra når det var maritime dagar ut i Fosnavågen :)


Dagen vart avslutta på ei hytte på leikong. Det var heilt fantastisk nydelig der, vi fekk hjelp av Jan Erik og Erik til å fylle opp badestampen og fekk fyrt godt opp så tempraturen vart meget behaglig :) Ein koselig avsluttning på utdrikkingslaget til mi beste venninde :)

Tusen takk for at du er den du er Christel!!!

1 kommentar:

Rita Olene sa...

Hørtes ut som et utrulig bra utdrikkingslag for Christel!!! :)
God sommar!!