lørdag 18. april 2009

Shopping :)


Har vore litt dårlig med oppdatering på bloggen min i det siste, men satsar på eg snart får litt meir tid til både blogging og andre kjekke ting :) I dag har eg hatt fri og har kosa meg i lag med ungane. Vi var på shopping i ørsta, og både Leah og Martin fekk seg nye sko. Martin var fast bestemt på at han skulle ha seg blinkesko, men ombestemt seg i det vi gjekk inn på skobutikken og han såg desse...hehe...5 år og så bestemt :) 


Hehe...ser ut som om det er mine sko, men dette er altså dei som Martin fekk seg :)

Leah storfornøgd med nye blinkesko og blinkesandalar :)


Ny jakke blei det også til lisje prinsessa mi, som om ho ikkje har nok frå før :) Men når ho har ei mamma med jakkedilla blir det berre slik.



Vi kan ikkje gå innom Amfi utan at Martin får ta turen innom leikebutikken og plutselig hadde vi kjøpt ny båt til Martin og telt til Leah




Og eg var så heldig at eg fekk pakke i posten i dag :) Har ikkje tatt bilde av det, men har bestilt frå strandlykke.no Dei har mykje fint, god service og rask levering :) 




1 kommentar:

Kaos eller ro? sa...

Litt shopping gjer sej alltid. Blir merkelig nok mykje til ungane og lite til mor ;) Mykje lekkert til små prinsesser på Moa no du...
Ha en god søndag