onsdag 8. april 2009

ord blir fattige....


I går var det ei stygg, stygg bilulykke i volda. 3 menneskeliv gikk tapt, 3 liv som brått vart riven vekk. Ein liten gut som kun rakk å bli 7 mnd gamal, hadde så vidt begynt på livet. Det er ikkje eit ord som kan beskrive kor urettferdig dette er. At ei lita familie som hadde heile livet sitt framføre seg brått og brutalt blir reven vekk i frå livet, det er berre heilt grusomt. Mine tankar går til dei som sit att etter å ha mista 3 dei var så glad i. 

Når slike ting skjer blir ein klar over kor lite som skal til før ein lykkelig dag blir til den mest grusome ein kan tenke seg.  Kor viktig det er å ta vare på kvarandre nyte dagane ein har saman. Ikkje henge seg opp i bagatellar, ta seg tid til å vere i lag med dei som ein er glad i. Lat dei du er glad i få vite det, du veit aldri om du får sjangs til å seie "glad i deg" igjen. Livet kan vere både brutalt og grusomt.

Kvil i fred kjære Bjørn Ove, Anette og vesle Johannes.



Ingen kommentarer: