lørdag 18. april 2009

Shopping :)


Har vore litt dårlig med oppdatering på bloggen min i det siste, men satsar på eg snart får litt meir tid til både blogging og andre kjekke ting :) I dag har eg hatt fri og har kosa meg i lag med ungane. Vi var på shopping i ørsta, og både Leah og Martin fekk seg nye sko. Martin var fast bestemt på at han skulle ha seg blinkesko, men ombestemt seg i det vi gjekk inn på skobutikken og han såg desse...hehe...5 år og så bestemt :) 


Hehe...ser ut som om det er mine sko, men dette er altså dei som Martin fekk seg :)

Leah storfornøgd med nye blinkesko og blinkesandalar :)


Ny jakke blei det også til lisje prinsessa mi, som om ho ikkje har nok frå før :) Men når ho har ei mamma med jakkedilla blir det berre slik.



Vi kan ikkje gå innom Amfi utan at Martin får ta turen innom leikebutikken og plutselig hadde vi kjøpt ny båt til Martin og telt til Leah




Og eg var så heldig at eg fekk pakke i posten i dag :) Har ikkje tatt bilde av det, men har bestilt frå strandlykke.no Dei har mykje fint, god service og rask levering :) 




torsdag 9. april 2009

Martin sin sjørøvarbursdag :)


For nokre veker sidan vart Martin 5 år. Han var fast bestemt på å ha eit skikkelig sjørøvarselskap, så då var det berre å lage til sjørøvar-invitasjonar og sende til alle dei kjekke kompisane :) 


Bordet dekka og klar for å ta i mot alle sjørøvarane







Det vart ein vedig velykka bursdagsfeiring, og eg kunne knapt merke at her var mange små piratar.  Og bursdagsbarnet sjølv var kjempefornøgd :)

onsdag 8. april 2009

ord blir fattige....


I går var det ei stygg, stygg bilulykke i volda. 3 menneskeliv gikk tapt, 3 liv som brått vart riven vekk. Ein liten gut som kun rakk å bli 7 mnd gamal, hadde så vidt begynt på livet. Det er ikkje eit ord som kan beskrive kor urettferdig dette er. At ei lita familie som hadde heile livet sitt framføre seg brått og brutalt blir reven vekk i frå livet, det er berre heilt grusomt. Mine tankar går til dei som sit att etter å ha mista 3 dei var så glad i. 

Når slike ting skjer blir ein klar over kor lite som skal til før ein lykkelig dag blir til den mest grusome ein kan tenke seg.  Kor viktig det er å ta vare på kvarandre nyte dagane ein har saman. Ikkje henge seg opp i bagatellar, ta seg tid til å vere i lag med dei som ein er glad i. Lat dei du er glad i få vite det, du veit aldri om du får sjangs til å seie "glad i deg" igjen. Livet kan vere både brutalt og grusomt.

Kvil i fred kjære Bjørn Ove, Anette og vesle Johannes.