søndag 1. mars 2009

1. innlegg i mars :)

No har vi kome til mars...tida går så alt for fort. Skulle gjerne hatt nokre dagar til ekstra i kvar veke. Men kven kunne vel ikkje tenkje seg det? I februar skulle eg legge om livsstilen min, har eg klart det? Tja....nei trur ikkje eg skal skryte på meg det. I skrivande stund ligg eg på sofaen, kosar meg med *kremt* potetgull, dipp og cola til frukost 3 timar etter eg burde ha ete ein sunn og god frokost. Men eg har blitt litt flinkare, når det gjeld vatn har eg klart målet mitt. Kvar dag drikk eg 2 liter vatn. Eg har ikkje trena nåke...dette har eg rett og slett ikkje fått tid til. Har den siste mnd jobb i snitt 60 timar kvar veke. Og når eg har 1 stort og 2 små goll heime vil eg gjerne vere litt saman med dei før eg skal krype til sengs. Når det gjeld sjokolade var eg veeeeeeldig flink i 2 veker, åt ikkje ein einaste sjokolade på 2 veker!!!! Så sprakk eg, å då meinar eg sprakk...trur eg kom opp i 5-6 sjokoladar den dagen. Passe dårlig samvit etterpå ja...hehe...Men eg har klart å redusere vekta med heile 4 kg denne mnd :) Det er eg kjempefornøgd med! :) Eg har til og med vore i oslo på skule utan å ha ete oreokake :) *stolt* 

Ellers har eg ikkje mykje nytt og skrive om...kanskje eg skulla laga meg nokre mål for mars også? Hmmm...det får bli seinare i dag, no skal eg rydde og vaske litt :) Ha ein fin søndag alle som er innom, ser talet på besøkande stig, men det er få kommentarar...Eg blir veldig glad om du legg igjen ei lita helsing så eg veit kven du er, og kanskje eg kan få sjå din blogg? :)


2 kommentarer:

Elisabeths verden sa...

Dette med å kutte ut søtsaker er ein kunst...Og eg beundrar dei som klarer det!
Stå på Camilla! Ein vakker dag kjem du til å hate det:p
Eg ynskjer deg og dine alt vel, og håpar for din del at søtsuget forsvinn;)

Englemor sa...

Må seie at du har gått ned mange kilo når du forsatt driv med potetegull og dipp.. ( noko som også skjer ofte her i heimen)
Det må nå vere at du har jobba so enormt mykje...Pass på helsa...
Lykke til vidare med kutt i søtsakene og trening som ikkje blir noko av..:) Trur det er slik for dei fleste.....Men viktigast er å halde håpe oppe....