torsdag 26. mars 2009

MARTIN 5ÅR!!!




















Martin har plutselig blitt så stor....tenk for 5 år sidan vart eg mamma for første gang. Det var eit tøft svangerskap, med helikoptertur til ålesund med full dose av riestoppande middel som resulterte i ein vanvittig puls, eg låg berre å rista. Og det å ligge på ei seng i eit lite rom utan tv, med streng beskjed om at skulle eg ut av senga måtte eg trillast i rullestol. Dette var ein grusom opplevese. Men dei klarte heldigvis og stoppe den og 27 Mars kom vesle Martin til verda, 1 veke før termin. Heilt perfekt var han, lisje guten min. Han viste seg å vere ein veldig krevande baby, så det var ikkje få netter Jan Erik var ute og trilla nattestider. Så lenge det var bevegelse i vogna var han stille. Trur vi levde i ei boble det første året....

Etter kvart som han vaks til vart det litt mindre gråting og mykje meir kos :) Og Martin er ein omsorgsfull person me mykje kjærleik for andre :) Då han vart storebror til lisje Leah imponerte han oss veldig. Det har ikkje våre noke sjalusi, einaste han grammar seg over, er at ho tek frå han leikene og plagar han når han vil leike i fred.


 


GRATULERE ME DAGEN KJÆRE MARTIN!!!!!!!


søndag 22. mars 2009

Utfordring :)

Eg har fått ei utfordring frå Veronika, dette var ei utfordring....Ikkje lett å kome på noko å skrive og i allefal ikkje 20 ting, hehe :)

- Skriv ned 20 faktasetningar om deg sjølv
-tre av desse skal vere noko som berre få har hørt om, og desse skal markerast slik at andre kan sjå dei
- Ting som er sagt, tenkt - alt er med
send så vidare til 5 personer

1. Eg er veldig, veldig mørkeredd
2. Eg HATAR edderkoppa og andre ekle småkryp
3. Eg er veeeeeeldig kresen på mat
4. Eg et ikkje fisk
5. Eg eig Statoil stasjoen i volda
6. Eg vart mobba når eg var lita
7. Eg har funne mannen i mitt liv :)
8. Eg er avhengig av familia mi
9. Eg har holdt på med hest
10. Eg likar ikkje å vere aleine
11. Mammaen min har hatt kreft
12. Min første bil var ein grøn polo
13. Eg har vore gravid 3 gongar ( mista tidlig i eit svangerskap )
14. Eg har 2 FANTASTISKE ungar som eg ELSKA så høgt eg har ikkje ord.
15. Eg elska å bruke pengar
16. Eg har veldig lyst på en hobby
17. Eg vart kjærste med Jan Erik når eg var 14 år
18. Eg gjekk med aviser før skule når eg gjekk på ungdomskulen
19. Eg føler meg ofte heilt udugelig og at eg ikkje strekk til.....
20. Eg har verdens BESTE mann. 

Eg trur dei fleste på mi bloggliste har hatt denne, så eg sender den ikkje vidare. Men dersom du ikkje har tatt denne så prøv :)

lørdag 21. mars 2009

Det 6. bildet i den 6. mappa :)

Ja, eg er litt treig...men for ei tid tilbake fikk eg ei utfordring frå Kristine, den har rett og slett gått i gløymeboka. Men sidan dette er ei lett og kjekk utfordring tek eg den no :)

1. Åpne bildemappa eler det stedet du lagrer bilder på datamskinen
2. Fin den sjette undermappa
3. Velg det sjette bildet
4. Publiser det ( på en blogg eller annet egnet medium)
5. Skriv litt om bildet

Ja då va det berre å leite fram iphoto og den 6. mappa, det bilde som var nr 6 i den 6. mappa vart dette

Bildet er tatt under Statoil si medarbeidersamling som var i november 2006. Slike samlingar er berre heilt fantastiske. Du har go underhaldning og ikkje minst mykje gratis dill dall frå levrandørar :)  På bildet ser dokke gitarkameratane, det var ei heilt utrulig stemning i teltet 
( vi var inne i eit stort cirkus telt) når dei song :) Dette er noko Statoil har for alle medarbeidarane rundt om i heile landet 1 gong i året. Kjempegøy  :) :)

Sender denne vidare til Christine, Trude og Elisabeth. 

Ha ein fin laurdagskveld :)

torsdag 19. mars 2009

Fingermaling :)

Leah blid og fornøgd, får kose seg og rote med fingermaling :) 



onsdag 18. mars 2009

Rundt middagsbordet :)

Leah har blitt ei sjølvstendig og bestemt lita jente, ho skal gjere alt sjølv og får ho ikkje gjere det hiv ho seg bakover og hyler av full hals. Og ete sjølv er noko av det kjekkaste ho veit. Ho har blitt så flink lisje jenta mi som plutselig har blitt så stor...*snufs* Tida går frå meg, eg vil så gjerne ha go tid saman med barna medan dei er små. Men slik som vi lever i dag blir det ikkje så mykje som eg skulle ønske. Vi er vel kome i denna tidsklemma, vi som dei fleste andre småbarnsfamilier. 







Martin vennen min har blitt så stoooor, ikkje lenge til han fyller 5 år!!!!! Tenk det er 5 år sidan han kom til verda, tida går så aaaaaalt for fort. Kunne av og til ønske vi kunne stoppe klokka og berre kose oss utan kvardagens stress og mas. Men akkurat det rådar ikkje vi menneske over, så vi får vel berre bli flinkare og ta vare på dei gode stundene vi har saman. 




tirsdag 17. mars 2009

Endelig :)

Eg har leeeeenge leita etter eit "klestong/stativ" (veit ikkje heilt kva eg skal kalle det) til lisje prinsessa mi. Har sett deg for meg korleis den skal sjå ut, men ikkje søren om eg har funne det. Har vel leita i nokre månader, men søndag var eg så irritert over å ikkje ha nokon plass og henge kjolane til Leah at eg spurte Jan Erik om ikkje han kunne hjelpe meg å finne det. Det tok han omtrent 10 sekund før han sa " e de sånn du he LEITA ette?" Jauda han fann det han, det som eg har leita og leita etter...flinke mannen min :) Søndag kveld bestilte eg den, og i dag står den så fint på romet til Leah med kjolane hengande så fint :) Må berre kjøpe litt fleire klehengarar, utrulig kor mange kjolar denne lisje trulta har. Anbefalar alle å ta turen innom denne sida, mykje fint www.kidsparadise.no 




Eg berre måtte ha desse prinsesse knaggane når eg først skulle bestille noko :) 



søndag 15. mars 2009

Camilla har rydda kleskap.......


No har eg endelig tatt meg tida til å rydde kleskapet mitt, det var verkeleg på tide...Her er då før og etter bilder *kremt* Eg bør vel ikkje vise før bildet, men det er slik kleskapet mitt har sett ut dei siste vekene eller månadane.....Eg har pakka vekk 2 båssekkar med kle som skal sendast til nokon som treng dei meir en kleskapet mitt. Mitt neste prosjekt bør vel vere å rydde kleskottet mitt, men ikkje i dag....Der er sikkert 5-6 båssekkar med kle som eg aldri klare å kome meg inn i igjen. Må vel berre innsjå at eg ikkje blir slik eg var når eg var 16 år. 
2 barn har virkelig satt sine spor......

FØR




ETTER




torsdag 5. mars 2009

Mariusgenser


Mamma har strikka så fin mariusgenser til Leah, rosa å fin. Det er så deilig med strikkakle, varmar så godt :) Eg er så heldig som har ei mamma som er så snild å strikkar til oss. Her er Leah sin genser og Martin sin er straks ferdig :) Og lisjemola mi er sååå kry... :)



søndag 1. mars 2009

1. innlegg i mars :)

No har vi kome til mars...tida går så alt for fort. Skulle gjerne hatt nokre dagar til ekstra i kvar veke. Men kven kunne vel ikkje tenkje seg det? I februar skulle eg legge om livsstilen min, har eg klart det? Tja....nei trur ikkje eg skal skryte på meg det. I skrivande stund ligg eg på sofaen, kosar meg med *kremt* potetgull, dipp og cola til frukost 3 timar etter eg burde ha ete ein sunn og god frokost. Men eg har blitt litt flinkare, når det gjeld vatn har eg klart målet mitt. Kvar dag drikk eg 2 liter vatn. Eg har ikkje trena nåke...dette har eg rett og slett ikkje fått tid til. Har den siste mnd jobb i snitt 60 timar kvar veke. Og når eg har 1 stort og 2 små goll heime vil eg gjerne vere litt saman med dei før eg skal krype til sengs. Når det gjeld sjokolade var eg veeeeeeldig flink i 2 veker, åt ikkje ein einaste sjokolade på 2 veker!!!! Så sprakk eg, å då meinar eg sprakk...trur eg kom opp i 5-6 sjokoladar den dagen. Passe dårlig samvit etterpå ja...hehe...Men eg har klart å redusere vekta med heile 4 kg denne mnd :) Det er eg kjempefornøgd med! :) Eg har til og med vore i oslo på skule utan å ha ete oreokake :) *stolt* 

Ellers har eg ikkje mykje nytt og skrive om...kanskje eg skulla laga meg nokre mål for mars også? Hmmm...det får bli seinare i dag, no skal eg rydde og vaske litt :) Ha ein fin søndag alle som er innom, ser talet på besøkande stig, men det er få kommentarar...Eg blir veldig glad om du legg igjen ei lita helsing så eg veit kven du er, og kanskje eg kan få sjå din blogg? :)