lørdag 7. februar 2009

Ikkje så flink som eg skulle ønska...

Litt oppdatering om mine mål for februar...Det hjalp ikkje så mykje å skrive eit innlegg om mitt nye og bedre liv. Kan ikkje skryte på meg at eg har vore flink......skal ikkje vere lett, men eg vil så gjerne bli kvitt dinna irriterande magen min...så eg får prøve mitt beste neste veke. Då SKAL eg klare det. Men nokre punkt har eg klart, eg har fått i meg 2 liter vatn kvar dag, eg har også klart og ete kvar 4. time. men ikkje så veldig sunt, viss ikkje ein kan kalle grandiosa for sunt då??? har fått inn grandiosa som tek berre 2 min å varme på jobb no. Og då blir fristelsen litt for stor når det romlar ned i magen min.  Eg har også vore flink med frukt, men ikkje klart 5 om dagen.  Det eg ikkje har klart, er å halde meg vekk i frå SJOKOLADE....Eg er virkelig sjokoman, klarer meg ikkje utan sjokolade en einaste dag. Så var det treninga..denne veka har eg berre ikkje hatt nok timar i døgnet, har vore lange dagar på jobb og heime venta mann og barn som eg gjerne vil ha litt tid i lag med. Men neste veke SKAL eg klare det. SKAL KLARE DET!!!!  

Ha ei fin helg alle som er innom bloggen min :)

2 kommentarer:

Solveig sa...

Hei!
He ei utfordring til dej vist du he lyst.. :)
Sjå på sida mi.. :)

Kaos eller ro? sa...

Det ligg ei utfordring til dej på bloggen min! God helg!