søndag 15. februar 2009

For ei helg.... :)

Eg er ikkje klar for ei ny veke no, denne helga har det ikkje vore tid til å ligge på sofaen å lade batteria. Fredag var eg først 12 timar på jobb, før eg var ein snartur heim for å hoppe inn i grilldressen. Då var det duka for Statoilfest, og som vanlig temafest. Fredag var det grilldressparty. Det vart ein koselig kveld med mykje latter og godt å drikke, slik det skal vere på ein skikkelig personalfest :) Her er nokre bilder som viser kor artig vi hadde det :)



Laurdag var det nokre timar i lag med ungane, før vi igjen skulle gjere oss klare for fest. Jan Erik skulle på vikebygda grus og groms fest og eg skulle møte (nesten) alle jentene mine :) Er så alt for sjeldan vi møtast, men når vi først er i lag då storkosar eg meg! Ein slik go gjeng som vi er, eg er så glad for å ha slike gode venar! Dei betyr så utrulig mykje for meg og at vi fortsatt held kontakta og møtast ein sjeldan gong når alle er heime gjer godt! Eg er så glade i dokke jentene mine :) Gode venner er gull verdt!! Eg gleder meg mykje til neste gong vi skal samlast, og eg håpar det blir før somaren kjem. Kanskje til påske?!  :) :) Må legge ut nokre bilder for å vise for en kjekke gjeng vi er :)





1 kommentar:

Elisabeths verden sa...

Det ser verkeleg ut som om du har hatt ei vidunderleg helg! Mykje fart og morro:D
Du har i alle fall nok å halde fingrane i om dagane!