onsdag 18. februar 2009

utfordring


Fekk ei utfordring frå Trude og Solveig om å vide fram mine favorittar på kjøkenet. Så her er då mine favorittar :) 


Stavmiksaren blir flittig brukt her i huset, spesielt go er den til å mose jordbærsylte slik at eg slepp dei store bæra :)


Epledelaren blir brukt nesten kvar dag når Leah skal ha seg pleple :)

Eg har bytta ut  den stygge zaloflaska med
 denne oljekaraffelen frå rosendahl.

Eg hadde ikkje klart meg utan gode kjøkkenknivar

 Denne salatslynga frå tupperware er genial.

Og her eit bilde av kjøkkenet mitt. 
Eg sender denne utfordringa vidare til Veronika, Kristine og Cecilie :)

søndag 15. februar 2009

For ei helg.... :)

Eg er ikkje klar for ei ny veke no, denne helga har det ikkje vore tid til å ligge på sofaen å lade batteria. Fredag var eg først 12 timar på jobb, før eg var ein snartur heim for å hoppe inn i grilldressen. Då var det duka for Statoilfest, og som vanlig temafest. Fredag var det grilldressparty. Det vart ein koselig kveld med mykje latter og godt å drikke, slik det skal vere på ein skikkelig personalfest :) Her er nokre bilder som viser kor artig vi hadde det :)



Laurdag var det nokre timar i lag med ungane, før vi igjen skulle gjere oss klare for fest. Jan Erik skulle på vikebygda grus og groms fest og eg skulle møte (nesten) alle jentene mine :) Er så alt for sjeldan vi møtast, men når vi først er i lag då storkosar eg meg! Ein slik go gjeng som vi er, eg er så glad for å ha slike gode venar! Dei betyr så utrulig mykje for meg og at vi fortsatt held kontakta og møtast ein sjeldan gong når alle er heime gjer godt! Eg er så glade i dokke jentene mine :) Gode venner er gull verdt!! Eg gleder meg mykje til neste gong vi skal samlast, og eg håpar det blir før somaren kjem. Kanskje til påske?!  :) :) Må legge ut nokre bilder for å vise for en kjekke gjeng vi er :)





lørdag 7. februar 2009

Ikkje så flink som eg skulle ønska...

Litt oppdatering om mine mål for februar...Det hjalp ikkje så mykje å skrive eit innlegg om mitt nye og bedre liv. Kan ikkje skryte på meg at eg har vore flink......skal ikkje vere lett, men eg vil så gjerne bli kvitt dinna irriterande magen min...så eg får prøve mitt beste neste veke. Då SKAL eg klare det. Men nokre punkt har eg klart, eg har fått i meg 2 liter vatn kvar dag, eg har også klart og ete kvar 4. time. men ikkje så veldig sunt, viss ikkje ein kan kalle grandiosa for sunt då??? har fått inn grandiosa som tek berre 2 min å varme på jobb no. Og då blir fristelsen litt for stor når det romlar ned i magen min.  Eg har også vore flink med frukt, men ikkje klart 5 om dagen.  Det eg ikkje har klart, er å halde meg vekk i frå SJOKOLADE....Eg er virkelig sjokoman, klarer meg ikkje utan sjokolade en einaste dag. Så var det treninga..denne veka har eg berre ikkje hatt nok timar i døgnet, har vore lange dagar på jobb og heime venta mann og barn som eg gjerne vil ha litt tid i lag med. Men neste veke SKAL eg klare det. SKAL KLARE DET!!!!  

Ha ei fin helg alle som er innom bloggen min :)

søndag 1. februar 2009

Nytt og bedre liv :)

No har eg igjen bestemt meg for å få eit sunnare kosthald og begynde å trene. Veit ikkje kor mange gongar eg har skulla starta eit nytt og bedre liv. Men no skriv eg det her på bloggen i håp om at eg denne gangen skal klare det. Og eit av
 måla mine er å bli flinkare til er å ete. På ein dag kan eg kanskje berre ete 1-2 måltid og då kan fyrste måltidet vere middag klokka 17!!! Her MÅ eg bli flinkare! Så her er mine mål for februar

* Ete mat kvar 3-4 time ( ditte blir vanskelig)

*Drikke minst 2l vatn for dag ( enda vanskligare, ikkje kvar dag eg drikk vatn......)

*Gå tur/ trene 2 gongar i veka ( nokon s
om vil vere turkameraten min??)
*Ete 5 frukt/grønsaker for dag

*Snop kun når det er helg ( Ditte blir ikkje lett, eg er sjokoman og et minst 1 sjokolade kvar dag)
Ja, de må vel være bra mål for den neste månaden...Men eg SKAL klare de!!! No har eg det nedskrive for heile verda på internet, så no må eg berre klare det. :) Ønske meg sjølv 
LYKKE TIL!!!