fredag 30. januar 2009

Utekos

Lenge sidan eg har oppdatert bloggen min no, men har hatt nokre veldig hektiske veke på jobb. No er eg i mål og kan senke skuldrane, håper på litt meir tid til blogging framover :)
No skal det bli veldig, veldig godt med helg. Berre kose meg i lag med golla mine :) Og lade batteria slik eg er klar til ei ny veke.
Her er dagens bilder, nyter vårveiret så lenge det varer. Er vel ikkje lenge til vi har 1 meter med snøv, for vinteren kan vel umulig vere over allereide? 
God helg til alle som er innom bloggen min :)








torsdag 15. januar 2009

Oslotur :)

Har ikkje hatt tid til så mykje blogging i det siste. Eg har hatt så mykje å gjere på jobb, mykje planlegging...men no er eg snart i mål, trur eg.... Denne veka begynte med oslotur og ei kjekke samling i lag med ein kjekke gjeng. Dette halvåret skal vi ha om butikkøkonomi, så kan trygt seie att eg har mykje arbeid fram føre meg. ;)  Denne gangen var vi å kjørte gokart, eg har aldri prøvd dette før så eg var litt spent. Men STEIK kor artig de var!!! Eg kom til og med vidare til finalerunda, og enda til slutt på ein 6. plass.




Litt dårlig kvalitet på bilda, men hadde berre med meg mobilen :(

lørdag 3. januar 2009

kosedag med smågolla


I dag har eg og smågolla mine kosa oss i lag heile dagen. Far i hus har vore på utdrikkingslag til ein kompis. Så vi har kosa oss ute i snøven, har 2 små som ELSKA å vere ute.  Her er dagen vår i bilder :) 







Etter nokre hærlige tima ute, var det sovetid for Leah. Når ho sov baka mor i huset pizzasnurra :) So då vart det pizzasnurra til kvelds, leah åt 2,5!!! Trur ho likte det godt :)