lørdag 27. desember 2008

God jul




I år var første jula vi feira heime i huset våra, mamma og pappa var her i lag med oss. Den vart ikkje akkurat heilt slik vi hadde planlagt, men koselig var det. Dagen begynte med at ho Leah spydde i bilen, fylde heile seg, stolen og bilen. Ikkje noko særlig for ei litt små stressa mamma. Men ingenting å gjere med det stakkar lisje pia  mi. Vi fekk en koselig dag sjølv om ho ikkje var heilt i toppform, Martin var heilt i ekstase over alle pakkane. Og for kvar pakke han opna sa han "Åååå...akkurat de ej ønska mej..." Leah var mest fornøgd med en liten hund ho fekk. Skal ikkje så mykje til for å glede desse små. Er vel heller vi voksne som trur vi må kjøpe dyre og flotte gåver for at dei skal bli glade.





1. juledag var det ein skikkelig leike dag, då skulle alle dei nye leikene prøvast, Martin vart lettare irritert på lisjesystå som heile tida kom å plaga han når han skulle leike. Leah spydde nokre gongar denne dagen også, stakkars lisje pia. Men det værste denne dagen var feberen og augebetendelse, ho har fått alt på ein gong stakkaren. men humøret er på topp :)

2. juledag vart det min tur, då låg eg rett ut med spysjuka. Ikkje nåke kjekt no i jula, har ikkje tid til å ligge rett ut på sofaen no....men ingenting eg kan gjere med det. Litt trist att eg ikkje får ete av all den gode maten vi har handla inn. Håper eg blir betre snart, blir nok heime i dag også.  Så kryssar eg fingrane for at Martin og Jan Erik slepp å få denne sjuka.

Ha ei fin jul vidare! :)

2 kommentarer:

Stinkerbelle sa...

åh neej. hvorfor må den spysjuka akkurat komme i jula? helt rart. heldigvis fikk lille den litt før jul da. god bedring til deg.

Livet mitt sa...

Ser ut som dokke fekk en koselig julekveld,til tross for spysjuka. Godt va no d!:) Leah va berre heilskjønn me finkjole og museflette rett opp!!:) Håpe dokke e friske alle mann å fe nyte resten ta jula no då. Klem