onsdag 31. desember 2008

2008 i bilder :)

 
JANUAR


Eg vart tante til ei lita nydelig prinsesse! Og er no stolt tante til Silje, Eirik, Joakim og vesle Benedicte :)

FEBRUAR



Martin er ein ivrig skigåar, og er her på skirenn på Reset ein nydelig vinterdag i Februar

MARS


Martin vart 4 år, og det måtte sjølvsagt feirast med barneselskap

APRIL



Ein nydelig dag ute i vårsola

MAI



Hipp, hipp hurra :)

JUNI



Her er vi på sykkeltur, nyter sol og varme :)

JULI



Her er vi på veg opp på Lidaveten, nydelig utsikt mot Ørsta


Måtte også ha med eit sommarminne frå ferieturen i lag med Christine med familie.
 Her er Martin og Andrea :) 

AUGUST




2 august gifta eg meg med verdens beste mann, Jan Erik. Her er vi saman med forlovarane våra Christel og Kristian :)

SEPTEMBER


Hipp hurra for Leah som vart 1 år!

OKTOBER


Måtte berre ha med eit bilde frå ein koselig kveld ned med Christine før vi skulle på Hellbillies konsert. :) Vi må ha fleire slike kveldar i 2009 Christine :)

NOVEMBER 


Bryllupsreisa vår gjekk til Thailand, ein heilt fantastisk tur til eit fantastisk land.

DESEMBER



GODT NYTTÅR ALLE SAMMEN!!!

søndag 28. desember 2008

Gjenbruk av LP plater :)

Tenkte eg skulle prøve meg på litt gjenbruk av gamle LP plater. For å prøve dette treng du ei LP plate, varmepistol og ei skål som tåler varme, og resultatet blir ei tøff skål som ingen andre har :)




Varmast opp med varmepistol, og formast slik ein vil ha den. 


Her er det ferdige resultatet, eg er ganske fornøgd :)  


Perfekt til twist eller min favoritt fazermint :) 


lørdag 27. desember 2008

God jul




I år var første jula vi feira heime i huset våra, mamma og pappa var her i lag med oss. Den vart ikkje akkurat heilt slik vi hadde planlagt, men koselig var det. Dagen begynte med at ho Leah spydde i bilen, fylde heile seg, stolen og bilen. Ikkje noko særlig for ei litt små stressa mamma. Men ingenting å gjere med det stakkar lisje pia  mi. Vi fekk en koselig dag sjølv om ho ikkje var heilt i toppform, Martin var heilt i ekstase over alle pakkane. Og for kvar pakke han opna sa han "Åååå...akkurat de ej ønska mej..." Leah var mest fornøgd med en liten hund ho fekk. Skal ikkje så mykje til for å glede desse små. Er vel heller vi voksne som trur vi må kjøpe dyre og flotte gåver for at dei skal bli glade.





1. juledag var det ein skikkelig leike dag, då skulle alle dei nye leikene prøvast, Martin vart lettare irritert på lisjesystå som heile tida kom å plaga han når han skulle leike. Leah spydde nokre gongar denne dagen også, stakkars lisje pia. Men det værste denne dagen var feberen og augebetendelse, ho har fått alt på ein gong stakkaren. men humøret er på topp :)

2. juledag vart det min tur, då låg eg rett ut med spysjuka. Ikkje nåke kjekt no i jula, har ikkje tid til å ligge rett ut på sofaen no....men ingenting eg kan gjere med det. Litt trist att eg ikkje får ete av all den gode maten vi har handla inn. Håper eg blir betre snart, blir nok heime i dag også.  Så kryssar eg fingrane for at Martin og Jan Erik slepp å få denne sjuka.

Ha ei fin jul vidare! :)

torsdag 18. desember 2008

Ikea-tur


Søndag for 1 veke sidan reiste Jan Erik og eg ein aldri så liten svipptur til Bergen og på IKEA!!! Vi skulle ha oss 2 nye sofaer før jul. Sidan IKEA har både billige og bra møblar sparte vi faktisk på å kjøre heilt til bergen for å kjøpe sofa. Men når Camilla stig over dørstokken og inn på ein IKEA butikk, ja då blir ikkje det berre det som står på handlelista. Vi klarte og fylle opp ein heil varebil med sofa, div. flatpakka møblar og nokre posar med dill. Så no etter snart ei veke med skruing og flytting av gamle møblar er endelig alt kome på plass, i allefall nesten. No har eg fått meg ei heilt ny stove. Og eg er storfornøgd! Manglar berre nokre bilete på veggen her og der so er her heilt ferdig...



Golla mine...:)





I dag blir det berre et skryte innlegg, med bilde av små golla mine! Martin er så stolt av lisje systra si. Og eg må seie det varmar morshjartet når ho Leah tassar bort til storebroren for å gi han en kos. Og når han tolla å dansa og ho sit å ser med store auge og hikstar av latter. Dei er berre så gode...









mandag 15. desember 2008

Hipp hurra for Jan Erik!! :)





Laurdag hadde Jan Erik bursdag, sidan vi hadde besøk til langt på natt kvelden før blei det ei roleg bursdagsfeiring. Forma til bursdagsbarnet kunna ha vore betre. Men kake måtte han få :) 
Dette er verdens beste sjokoladekake :) Berre prøv...

150 g smør
1,5 dl vatn
3 ss kakao
3dl sukker
3dl kveitemjøl
0,5 ts natron
0,5 ts bakepulver
1 stort egg
1 dl rømme

Kok opp smør og vatn. Rør først inn sukker og kakao (bruk stålvisp) Rør deretter inn det tørre til en klumpfri røre. Ha til slutt i egget og rømma. Hell deiga i ei rund form (26 cm )

180´C i ca 45 min. (varierar veldig frå ovn til ovn, men kaka skal være litt klebrig)

Glasur
50 g smør
2ss melk
2 ss kakao
175 g melis
1 ts vaniljesukker

Dinne kaka kan godt oppbevarast i fleire dagar i kjølskap. Men smakar best når den har fått stått i romtepratur litt. 

Kom gjerne med andre gode sjokoladekake oppskrifter, eg elskar sjokoladekake! 




mandag 8. desember 2008

Mi første utmerking :)

Eg har fått mi første utmerking :) Den har eg fått frå systra mi i http://kvardagslivetmitt.blogspot.com/  


Tusen takk Cecilie :)




                              Tusen_takk_TOFO_thumb[1].jpg



Med denne awarden følger det en tekst:


"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold!"


Disse bloggene er usedvanlig sjarmerende og søte,


og formålet er å finne og å være venner.


De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.


Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,


vil enda flere vennskap ha forplantet seg.


Vær vennlig å gi litt ekstra oppmersomhet til disse!


Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere,


som igjen må velge seg åtte nye.





Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres



Sidan eg er ganske ny i bloggverdenen, så kjenner eg ikkje til så mange bloggara. Men eg vel å gi dei til desse flotte bloggane. Det blir til berre 7, men kjenner desverre ikkje til så mange bloggar. Eg snik for det meste, men desse 7 er flotte bloggar som er spennande og følge med på...


http://sigrunnordahl.blogspot.com/


 http://solveigland.blogspot.com/


  http://bloggeingrid.blogspot.com/


http://tinkerbelle.blogg.no


http://galleriolene.blogspot.com/


http://everywayfashion.blogspot.com/


http://www.aklestad.blogspot.com/