fredag 21. november 2008

Thailand! :)

Etter mykje knøding med blogg side på thailandsk fekk eg det no endelig til å logge meg inn. Tenkte eg måtte skrive ei lita oppdatering om korleis min kjære og eg har det på tur. Og eg må berre sei att Thailand er eit fantastisk land! Einaste eg er litt skeptisk til er maten, eg trur ikkje dei har same standaren når det gjeld hygiene som vi heime i Norge har. Så de blir ikkje så mykje mat, men kva gjer vel det når dei har pringles :) Kanskje ikkje de beste eg kan ete, men det fungerar :) Sjølv om det skal bli godt å kome heim att å lage skikkelig mat :)
I dag har vi våre her ned i 1 veke, utrulig kor fort tida går. Vi har våre litt rundt om og besøkt
 blandt anna Koh Khai Nok, ei lita paradisøy. Der var vi ein heil dag og snorkla i lag med desse søte nemi fiskane :)



Vi har også våre på kano safari, der vi vart padla rundt om i grotter og fikk sjå fleire flotte laguner, ein opplevelse. Utrulig flott og spesiell natur thailand har. I morgå skal vi til Koh Phi Phi, der som "the beach" vart spelt inn. Så de blir vel et innlegg med nokre bilde då også tenker eg. :) 

Ha ein fin dag!! det skal eg, no skal eg på stranda og få litt sol på den vinterbleike kroppen min

1 kommentar:

Cecilie sa...

ser ut som dåkke he d fantastisk. her kosa vi oss ute i snøven, gradestokken stoppa på 9 minus, so her e kaldt og friskt. her he komt ca en halv meter med snøv, so her e nok å boltre sej i.
Nyt siste veka og kvarandre...