onsdag 26. november 2008

Litt oppdatering frå oss sjuke i Thailand

Ja her skulle eg då ha laga eit innlegg om Phi Phi turen, men i staden blir det eit innlegg om sjukdom. Me har no i snart 3 døgn våre isolert på hotellromet våra med noko eg trur må vere matforgiftning. Eg spydde i 20 timar i strekk etter en ikkje fullt så god spagetti carbonara. Jan Erik har ikkje våre noko bedre, so her har vi våre då. På kvar si seng og prøvd å halde humøret oppe. Hehe...litt komisk heile situasjonen, men ikkje så kjekt akkurat når det står på som værst. Men no er vi heldigvis på bedringens vei og håpar vi klarer å få fare til Phi Phi i morgon. Vi har i allefall klart å vere nokre tima på stranda i dag. Det gjorde godt og solbrende med klarte eg å bli, sjølv om her er overskya. 

Blei ingen bilder i dag, det berre låser seg heile systemet kvar gong eg prøvar å laste opp. Får prøve på nytt i morgon, for no er det natt for meg.

fredag 21. november 2008

Thailand! :)

Etter mykje knøding med blogg side på thailandsk fekk eg det no endelig til å logge meg inn. Tenkte eg måtte skrive ei lita oppdatering om korleis min kjære og eg har det på tur. Og eg må berre sei att Thailand er eit fantastisk land! Einaste eg er litt skeptisk til er maten, eg trur ikkje dei har same standaren når det gjeld hygiene som vi heime i Norge har. Så de blir ikkje så mykje mat, men kva gjer vel det når dei har pringles :) Kanskje ikkje de beste eg kan ete, men det fungerar :) Sjølv om det skal bli godt å kome heim att å lage skikkelig mat :)
I dag har vi våre her ned i 1 veke, utrulig kor fort tida går. Vi har våre litt rundt om og besøkt
 blandt anna Koh Khai Nok, ei lita paradisøy. Der var vi ein heil dag og snorkla i lag med desse søte nemi fiskane :)



Vi har også våre på kano safari, der vi vart padla rundt om i grotter og fikk sjå fleire flotte laguner, ein opplevelse. Utrulig flott og spesiell natur thailand har. I morgå skal vi til Koh Phi Phi, der som "the beach" vart spelt inn. Så de blir vel et innlegg med nokre bilde då også tenker eg. :) 

Ha ein fin dag!! det skal eg, no skal eg på stranda og få litt sol på den vinterbleike kroppen min

tirsdag 11. november 2008

Farsdag

Sidan vi var på firma tur til Selje denne helga vart det ikkje mykje farsdags fering på oss. Men vi var så heldige at vi fekk kome å ete kjempegod middag med svigerforeldra mine, pinnekjøt! :) Det smakte nydelig.

På kvelden laga eg brownies muffins til Jan Erik, desse muffinsane er noko av det beste både Jan Erik og eg veit. Tek under 20 min å lage dei...å dei er berre KJEMPEGODE!!!

 




Brownies muffins
ca 16 stk

2 egg
3 dl skukker  
vispast til eggedosis

100g smelta margarin
2 dl kveitemjøl
1 ss vaniljesukker
4 ss kakao

steikast på 200´C i ca 13 min






fredag 7. november 2008

Utfordring

Systå mi http://kvardagslivetmitt.blogspott.com   har gitt meg ei utfordring og den tek eg lett :)

4 jobbar eg har hatt

1. Sunnmørsposten. Då eg var 14 år og skulle ha meg hest på fôr måtte eg ha meg ein jobb, så då    var eg oppe før alle andre for å levere ut aviser.

2. ISS. Fortsatt for å skaffe pengar til hest. Vaska på spar og på sjukehuset.

3. STATOIL! Der er eg fortsatt, kosar meg i jobben. Sjølv om det til tider kan bli litt mykje jobbing.

4. Hmmm, har ikkje hatt 4 jobbar eg...


4 filmar eg kan sjå oppatt

1. Armagedon

2. Den grønne mil

3. Istid

4. Biler

4 stadar eg har budd

1. Bjørkelunden. Der budde eg dei første 4 åra mine.

2. Kyrkjegata. Barndomsheimen til mamma, midt ned i gata. Der hadde eg ungdomsåra mine...

3. Solhøgda. Dit flytta eg i lag med min kjære Jan Erik i 2003, der budde me i nokre år før me flytta inn i nytt hus.

4. Bergshagen. Her blir me buande resten av livet, har fått draumehuset mitt :) Med all takk til Jan Erik og min snilde svigerfar som bygde dette huset.

4 TV-show eg likar/har likt

1. Prison break. 

2. Frustrerte Fruer

3. Greys

4. Robinson


4 stadar eg har vore på ferie

1. USA. Dit skal eg tilbake...

2. Rhodos. Kjærleikstur i lag me Jan Erik

3. La Manga. Koselig familietur saman med svigerfamilia mi

4. Tyskland. Og til fotball VM, ein heilt fantastisk tur.

4 websider eg vitjar kvar dag

1. Facebook

2. Bloggar

3. Yr.no

4. Mailen min.

4 stadar eg heller villa ha vore no

1. Thailand. Der er eg om ei veke :)

2. Maldivene. Ein vakker dag skal eg dit :)

3. Island. En dag skal eg oppleve islandsk natur.

4. Mexico! 

hmm, dinna lista kunne ha vore looooonge.





tirsdag 4. november 2008

Det minst brukte romet i huset vårt...


Tenkte eg skulle vise fram det minst brukte romet i huset vårt. Loftstova som egentlig er ganske så koselig, blir so og seie aldri brukt. Og den blir vel ikkje noke meir brukt no når vi ikkje får inn tv der oppe. 





På veggen over sofaen har min kjære printa ut eit flott bilde av den lisje prinsessa vår. :) Kjekt og kunne ha tilgang til stor printer, og kunne dekorere veggane med våre 2 goll.

Sofaen er en deilig IKEA sofa med mange puter, den er ganske god å sitte/ligge i. Så kan ikkje skulde på den for at ikkje vi brukar denne stova meir. Men håper den kjem meir til sin rett når Martin og Leah blir større og vil ha litt meir fred i frå foreldra sine.