mandag 27. oktober 2008

No er det snart vinter...

Ja no er det snart vinter. Ikkje lenge til oktober 
også er forbi. I dag var min kjære så snild at han 
skrapa bilen min før eg skulle på arbeid, det var
iiiiiskaldt ute. Det sludda og bles godt her oppe i
høgda då eg skulle fare. Då var det godt og kunne
sette seg inni ein varm bil.

Det skal bli spennande å sjå korleis Leah likar seg
ute når snøven kjem. Ho elska å vere ute, så litt 
snøv kan vel ikkje stoppe ho. :) Martin gler seg 
fryktelig til han skal på reset og gå på ski igjen.
Han er så flink store, lisje guten min. Leah blir 
nok liggande i pulken dette året også, men neste
år lytte ho få seg ski på beina ho også :)

Eg må berre få skryte av mi kjære svigermor som
har kjøpt desse gode vinterdressar til både Martin
og Leah. Tusen takk! Kjempefine og gode dressar. 
So dei er i allefall klar for vinteren :)


2 kommentarer:

Stinkerbelle sa...

snille svigermor. vinterdresser er svindyrt.

camilla sa...

ja utrulig kva det kostar med klede og sko til desse små vennane..