fredag 31. oktober 2008

mimre litt...

For mange , mange år sidan var eg ei aktiv ung jente :) Men det er mange år sidan no...før eg fekk Martin og Leah. Men eg må sei eg saknar den tida, det sosiale med å spele på eit lag. Vi var en fin gjeng som holdt saman i monge år. Vi vann mykje og tapte litt...:) Av og til vurderar eg å begynde på volleyball igjen, men eg er nok for gammal no. Veit ikkje om dei har damelag ein gong. Men det hadde våre kjekt og kobla av nokre kveldar i veka med sosial volleyball trening.

Her er eit bilde av eit lite utvalg av alle pokalane vi vann. Beste var når vi slo blindheim, det var ein hærlig følelse og etter ein slik seier kunne vi smile leeeenge! Etter nokre år stua ned i kjellaren skal no desse pokalane kome til sin rett. Endelig har det vorte rydda plass i Voldahallen til å plassere desse flotte pokalane. No får dei stå der å skine til alle som kjem innom. Og ikkje berre stå nedestøva i kjellaren min, der ingen kan sjå kor flinke me va.


Ingen kommentarer: