lørdag 14. juli 2012

Sol og varme

Sidan sommaren er så grå, trist, våt og kald her i Volda har eg kjika litt i iphoto.....drøyme meg tilbake til då vi var i varmare strøk!!! Ein kan leve lenge på minna av slike herlige turar :) :)

Her er frå ferien vår i fjor sommar, då var vi i Tyrkia. Ein fantastisk flott plass, og kjem nok garantert til å reise dit igjen :)






Her har Leah lånt kameraet mitt å tatt bilde av seg sjølv....herlig!!!! <3 



Vi var også på ein aldri så liten ferietur i vinter også :) Vi hadde 14 dagar med strålande sol og deilige temperaturar i flotte Thailand :) :)







Sjekka yr.no, men ikkje håp om sol og varme dei neste 8 dagane iallefall....men kanskje vi får litt sommar i August :) :)

torsdag 12. juli 2012

Hakallegarden

Og plutselig hadde det gått altfor lang tid sidan sist eg posta eit blogg-innlegg....Men det er slik det lett blir i ein hektisk kvardag :) Men no passa det heilt ypperlig å skrive eit lite innlegg, då mannen ser ein actionfilm som eg ikkje fekk med meg byrjinga på og då gidd ikkje eg å følge med :) Då blir det bloggsurfing og eit lite blogginnlegg :)


 I dag hadde eg bestilt sol og gode sommarlege temperaturar sidan ungane og eg tenkte å ta turen til Hakallegarden, meeen ikkje alltid ein får det ein ønskar seg :) Så det var å pakke på seg godt med kle. Regn, 10 grader og skodde langt ned i fjella var ikkje akkurat det beste været, men med regnkle og støvlar gjekk det heilt fint :) Ungane kosa seg i allefall. Martin litt meir skeptisk enn Leah sidan han egentlig er litt redd for dyr. Men vi hadde nokre kjekke timar der :) :) Og vi var så heldige at Besta ville være med oss også, så vi har virkelig kosa oss :)


Sjølv om været var dårlig var det mange som hadde tatt turen hit i dag, og det forstår eg godt. Her var ein super plass for dei små. Med dyr som gjekk fritt rundt på gardsplassen, vi kunne klappe og kose med dei så mykje vi ville. Og inne hadde dei laga til med både kafè og ein kjekk butikk med mykje flott frå både rice og blafre. Sjekk nettbutikken her












mandag 21. mai 2012

For ein flott dag!!! Endelig litt varme i lufta og sol frå skyfri himmel. FANTASTISK!!!!

Eg var så heldig å få lov å hente Benedicte i barnehagen i dag og ta ho med heim. Gjett om småtuttene har kosa seg? Vi grilla pølse til middag og kosa oss med frukt til dessert:) NAMNAM!!

 Benedicte har fått møtt alle nabotausene her og dei har leika seg fint saman i heile ettermiddag. Og sidan veret var så flott vart kveldsmaten servert utendørs! Dette veret kan vi virkelig venne oss til!!!



søndag 20. mai 2012

Fiskelykke :)

For ein fantastisk dag :) Sol gjer noko heilt spesielt med kropp og sinn!! Og no har værgudane (iallefall værdamene) lova oss sol og varme heile neste veke!!!:) :) :)


Vi kjørte oss inn til Bjørke for å prøve fiskelykka i dag. Og sidan både mormor, mossa(morfar), tante, onkel Arild, Joakim og Benedicte også var med, vart dette ein superkjekk tur for både store og små:)
Så mykje fisk var der ikkje, men både Martin og Leah fekk napp. Stoor stas!! :)



Jentene studerar fisken og etter å ha klappa den ei stund konkluderar dei med at den var veldig søt. Kan ikkje seie meg enig i akkurat det. 





Godt å vite at der er muligheit for å nytte seg av telefon, sidan netcom manglar dekning her. Om den virka er eg ikkje så sikker på:)



På turen inn til Volda igjen stoppa vi på Aursatd camping for å helse på nåkre venar som har campingvogn der. Og der var jo berre heilt fantastisk flott. Så herlig det må vere å kunne stikke av frå kvardagens mas og berre slappe av i nydelige omgivelsar. 


Ha ein flott kveld godtfolk :)


Ein god start på dagen!!

Ein god start på dagen! :)

 banan
 jordbær
skogsbærblanding
juice


lørdag 19. mai 2012

Rema1000-cup

I dag har vi vore på Rema1000cup på Volda stadion. Martin har spelt 3 kampar, og vunne alle saman. Gjett om det var ein storfornøgd gut som la seg i kveld?? :) Hærlig dag med sol (den iiiiskalde vinden som alltid er på stadion var nok desverre der i dag også), men når vi ser på langtidsvarselet for neste veke så ser det endelig ut som om det kan gå mot sommar for oss her på det kalde sunnmøre også.  JIPPI!!!! :) 




Fantasien er det iallefall ikkje noko å seie på, her har han laga seg ei monstermaske :) Og hadde det veldig kjekt med å skreme småtausene i nabolaget:)


Stjernedilla

Eg har fått meg nytt teppe/dørmatte i gangen :) Eg har sidan vi flytta inn her for 6 år sidan våre på leit etter ei dørmatte som eg kan like. Og endelig fann eg den eg har vore på leit etter :) Den er selfølgelig ikkje så veldig praktisk, men kva har vel det å seie så lenge den ser bra ut? ;) Eg må finne meg ei litt meir praktisk som kan ligge uttafor døra. Dette flotte pappelina teppet fann eg inne på sida til royaldesign. Og det er heilt supert at det berre er å tørke av det med ein klut når det blir noko skitt på det, og om eg vil ha det litt lysare kan eg berre snu det og fargane er motsatt som på bilda her :)